Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
20
EIN FRITENKJAR
og maa høyre med, um Kristindomen skal vera det han
i Sanning er. („So er det!" sagde Futen.) Det eg
meiner er, at Trui allstødt maa vera Grunnlage for
Moralen ; og naar dei no vil byggje eit nytt Samfund
utan Tru, so vilde eg nok gjerne vita korleis dei daa
tenkjer aa faa Folk til aa liva eit moralskt Liv."
Kapellanen stirde paa Hauk.
„Bit paa den, Kar!" sagde Futen; han sat og gnog
paa ein Fugleveng.
„Herr Kapellanen meiner," sagde Hauk, „at dersom
han, t. D. no i Dag, kom til det at han maatte sleppe
Kristindomen, so vilde han i Natt eller so brjote seg
inn hjaa Herr Pastoren her og — f. Eks. — stela?"
„Nei," sagde Kapellanen. „Um eg skilde Lag med
Kristindomen, so skilde ikkje dermed den Lag med
meg: han vilde all min Dag hava Magt yvi Tankane
mine, endaa um eg sjølv ikkje visste eller vilde det.
Men lat oss tenkje oss ei Ætt som var uppfostra reint
utan Kristindom —"
— „Berre med Humanitet" —
„Ja! just det. Lat oss tenkje oss ei slik Ætt . . .
og me hadde Anarkie og Kommunismen i Morgo."
„Bravo," sagde Futen.
„Det er sant," sagde Lensmannen.
„Trur kje De det, Herr Hauk?" spurde Futen.
„Jau, naar so mange gode Menn trur det —!" lo
Hauk; Kapellanen hardstirde.
„Lat oss no ein Gong beint og greidt høyre," sagde
han, „kva De, Herr Hauk, meiner um dei Ordi, Herr
Pastoren sagde i Dag?"
„Eg?" sagde Hauk; „eg meiner som min gode Ven
Futen, at det er paa høg Tid, Kyrkja tek i, —
dersom ho tenkjest til aa kunna halde Fridomsstræve nede."
„— Fridomsstræve," hermde Kapellanen; „det er
ikkje Fridomsstræve, Kyrkja vil ’halde nede’, tvert
imot; Kyrkja er sjølv Beraren av den sanne
Fridoms-tanken. Nei, det er U p pr ør ss t r æ v e, me vil stride
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>