Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
24
EIN FRITENKJAR
kva ho tenkjer?" spurde han stilt. „Eg hev lagt
Merke til henne i Dag." „No —?" „Fyrr hev eg
trutt at ho var glad i deg; no veit eg det." —
„Hm." — Hauk vilde gjerne vise seg roleg; men han
skifte Litir som ei Ungmøy.
„Gjer det av straks, det er mi Raad!" sagde Hans
med kviskrande Mæle. „Og kann eg vera deg til
Hjelp, so veit du eg vil." Han smilte av Glede, svinga
seg rundt og gneid Hendane. „Eg er so glad som det
var meg, det galdt!" sagde han.
„Ja, eg maa tala med henne," sagde Hauk. „Det
er lett gjort!" meinte Hans; „me fær henne med oss
ut paa ein Tur ... eg gjeng med eit Stykke, so lengi
til eg tenkjer du hev studera Friartalen •— ha-ha-ha!
det skal strakst vera gjort!" Han flaug ut.
Er han galin? tenkte Hauk. Det kom so braadt
dette, at han vart reint tryllt. „Kann eg tala med
henne no?" — Han rette seg upp og saup etter Anden.
„No —? no —? i denne Stund?" Han skalv; det
gjekk kalde Straumar ned gjenom Bringa hans, og Panna
vart sveitt. „Aldri i mine Livedagar hev eg vori so
modlaus."
— Men nede i Stogo sat Kapellanen og tala med
Presten. „Me skal ingin døme," sagde han; „for Gud
aaleine kjenner Hjarto. Men det maa eg segja, at eg
hev mine store Tvil um den Manns Kristintru. Eg
hev lagt vel Merke til honom, og serleg no med Borde
idag; og den Maaten han vrid seg fraa allting paa, er
meg — mildast sagt —• mistenkjeleg. Dessutan, alt
det Lag han legg paa „Kulturen", og „Humaniteten",
og den vyrdlause Maaten han stundom umtalar
Kristindomen paa, det viser til Fullnad at han ikkje lenger
er av vaare. Det er ein saar Tanke, men eg kann
ikkje verja meg for aa tru det, at han der ned i dette
nye Babylon, dette Paris, hev komi burt fraa sin
Barndoms Gud og lært aa bøygje Kne for den store Skjøkja
som dei no kallar den frie Tanken."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>