Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
25 EIN FRITENKJAR
„De er for streng, Herr Kapellan," sagde Presten og
drog ein tung Sukk. „At ein Ungdom som han kann
koma til aa tvila paa eit og anna, og for eit Bil kann
bli rivin med av ein og annan Tidstraumen, som ber
burt ifraa Barnetrui — naa ja, slikt hender dei fleste
i den Alderen. Eg kann hugse eg sjølv var ille ute
eit Bil i dei Aari. Den Gongen var Rasjonalismen
uppe; drogst med Dauden, men var uppe; og eg maa
med Skam segja, at eg . . . lét meg rive langt med.
Det var ikkje langt ifraa at eg leid Skipbrot paa Trui."
Den gamle Presten tala laagt og sorgsprengt og rugga
stilt paa sitt kvite Hovud. „Eg tvila endaa paa dei
største Ting," sagde han; „eg tvila paa Skapelsen i
6 Dagar, paa Syndflodi, paa . . . paa Kristi
Underverk, paa ... ja det var ei Tid, at eg mest . . . tvila
paa sjølve Uppstandelsen. Aa Herre Gud! — Men
daa eg vart eldre, og fekk lært meir, og saag kor dette
bar av, so kom eg snart etter at her hadde eg vori
ute paa ville Vegar, og so fekk eg Gud vere Lov
Naade til aa snu heilt um og attende til mi gamle
trygge Barnetru. Og so gjeng det med alle, daa visst
med alle aalvorsame Naturar. Ungdomen maa rasa,
som Luther segjer; den eine fær det paa ein Maate,
den andre paa ein annan. Hauk som er ein tenksam,
aalvorsam ung Mann, hev no fengi det med Tvil. Men
Vaarherre vil nok hjelpe honom fram. Han hev ei
god, kristeleg Mor, som bed for honom; Gud held nok
si Hand yvi ein slik. Lat han tumle seg ei Stund paa
dei ville Vegar og sjaa kor langt han kjem; sistpaa
vil han, som den fortapte Sonen, koma i
Hungersnaud; men daa kjem dei varme, ljose Barneminni upp
i honom og dreg honom heim att."
„Det bør me vone," sagde Kapellanen. „Men
Herr Pastoren fær tru meg eller ikkje tru meg: her er
knapt Tale um Tvil, av det Slage som nokon kvar
kann hava kjendt i si fyrste Tid — for Kristindomen
hev alltid vori Jødane ei Forarging og Hellenane ein
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>