- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
27

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

27 EIN FRITENKJAR



stød paa Foten, fin i alt sitt Lag; slik som han kunde
helse, og so mykje som han kunde faa lagt i ei slik
Bøygjing, og i kvar Rørsle, det hadde ho aldri set
Make til. Og slik ein Kar aa tala med! Han tala
lett og stilt, men so klaart at ein høyrde kvar Stavelsen.
Og han hadde meir aa tala um enn andre. Ragna
hadde aldri havt slike Stundir som den, daa han sat
der og svalla med henne igaarkveld. Han samanlikna
den franske og den kristianiensiske Kvinna; det var
kvasst, flirande, fullt av fin Spott; men der var noko
friskt og aalvorsamt paa Botnen av hans Tale, som
friska henne upp og styrkte henne i aa tenkje fint.
Det var ulikt alt det som ho var van med. Det var
ulikt det ho høyrde av Får sin, og det var ulikt det
ho høyrde av Balle — Balle! uh, det var Synd aa
nemne honom same Dagen som ein nemnde Hauk.

Elles forstod ho snart at Balle var etter honom og
vilde paa einkvar Maaten setja’n i Beit; og ho lo med
seg sjølv aat dette. Ved Borde sat ho og var stolt av
aa sjaa, kor fint han visste aa halde alle desse
Smaa-folk og Heimalingar ifraa seg. Kristin! — Balle vilde
faa honom til aa ikkje vera kristin! — Haa; han var
visst betre kristin enn alle ihop; men hans Syn paa
desse Ting var nok for høgt for Balle; det skulde
ingin undrast paa. Det einaste ho ikkje kunde skyna
var, at Får hennar saag ut til aa vera so uroleg. Skulde
Balle ha innbillt honom —?

Enn um Hauk og den gamle vart Uvénir? Ho kvakk
ved denne Tanken; men den Tanken vekte andre; og
rett som det var blenkte det upp for henne at ho elska
Eystein Hauk. Ho vart sprut-raud og ør og smaug av
inn paa Kammerse sitt so snøggt ho kunde. Dette var
noko nytt; ho elska! — Ho vart bljug og liksom rædd,
men samstundes so glad, stolt . . . Døri inn til Live,
det rike, sterke, straalande Live, lét seg upp for henne;
og no stod ho der i sæl Skjelving og saag inn og undrast:
skal alt dette vera mitt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free