- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
26

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

26

EIN FRITENKJAR

Daarskap —; men her er det ein Mann som — ja,
eg ræddast for det — med fullt Medvit hev sleppt
Trui fraa sjølve Grunnen av, og som hev vendt seg
heilt til dei nye Kjeldur etter Visdom og Livsforklaaring.
Ein tvilande, søkjande Mann vilde aldri sitja med slik
ein Kaldflir og høyre paa ei Samtale som vaar ved
Borde; og han vilde ikkje taka det me der hadde uppe
som Moro. Han viste der, at han var stød i sitt; og
det var ikkje Kristindomen, han var so stød i; for
daa hadde han — tala ut."

Presten tagna og tenkte. Det kom meir og meir
Sorg yvi Aasyni hans; tilslutt kviskra han som i
Sjølv-gløyming: „stakkars Gut! stakkars Foreldre!" „Ja
stakkars Gut! stakkars Foreldre!" tok Balle i so Presten
kvakk. Og Kapellanen heldt fram med ein underleg
Smil, som var meint paa aa vera sorgfull: „i Grunnen
hev visst Herr Pastoren teki den same Tanken som eg?"
— „Nei, nei, nei," stota Presten hastigt, — „nei; men
eg tenkte paa ein litin Samtale eg hadde med honom
igaarkveld." „Med Hauk?" — „Aa ja; det var ikkje
noko vidare ... det var berre . . . hm. — Naa ja!
Med Guds Hjelp kjem han seg nok. — Lat oss minnast
det Frelsaren segjer: døme ikkje . . . Det er berre ein
som kjenner Hjarto."

Presten stod upp og gav seg i Drøs med Klokkaren.
Balle tok Lag med ein Lærar, og snart hadde alle
Lærarane samla seg um honom. Han sat og lagde ut
um den sanne Fridomen; og Lærarane totte han tala
merkeleg godt.

VII.

Hans hadde Rett: Ragna var glad i Eystein.

Han hadde vaksi; han var ein Mann. Ho tottest
sjaa honom som han kom inn der gjenom Døri um
Jolaftans Kvelden: høg, rak, fast i Vokstren, lett og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free