- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
31

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

31 EIN FRITENKJAR



fylgde ikkje heilt med i det ho sagde, han tenkte paa
sitt; men han svara paa eit Raam: „Romantik, Frøken!
Der er ingin som trur paa slikt meir." „Nei, det vil
eg tru," sagde ho. No maatte Hauk freiste aa halde
Samrøda i Gang, og so dreiv han paa som det kunde
falle: „det hev vori drivi Avgudsdyrking med desse
’folkelege’ Ting," sagde han. „Naar alt kjem ihop, so
er desse gamle Greidur berre lægre Formir av det,
som sidan hev vaksi seg meir fram og klaarna seg
meir av, og som me no kallar Kultur. Det folkelege
hev historisk Forvitinskap, liksom naar ein studerar
ut-døydde Dyreslag; men aa vilja reise det ’folkelege’ til
Liv att no er som aa vilja vekkje uppatt Mammutdyre
og Mastodonten. Mammutdyre var stort og sterkt, lat
so vera! men Mammutdyre er daudt; me fær finne
oss i det. Me maa liva paa dei Vilkaar som Tidi
byd oss. Og Live er ikkje laakare no. Det er mindre
stort — kann vera! men det er finare, klaarare, rikare.
Ein Elskar i vaar Tid drep ingin Drake, og fer ikkje
til Nedreheimen og krev Gamle-Erik etter Skatten;
men hans Kjærleik er likevel meir verd enn denne
gamle, som med all sin Storleik var arm, tung, raa . . .
Held De av dei gamle Tidir, Frøken?" — „Nei,"
sagde ho fast; ho forstod at han ikkje heldt av deim.
Men ho vart raud i det same —: „ja det vil segja . . ."
sagde ho. „De held av dei store Kjempur," sagde
Hauk med ein halv Smil. Ragna hadde lika dei store
Kjempur; men no kunde ho sjølv ikkje forstaa det.
„Ja ja," sagde han; „det er naturlegt. Det store dreg.
Og paa Fraastand kann det sjaa vent ut. Men tak
ein av desse Riddarsmenn slik som dei var, — og eg
vaagar at De likso lite vil like honom som eg vilde
like Dronningi av Saba."

Ragna tagde. Hauk heldt fram; han skyna, at kva
Emne som helst førde Vegen fram no. „Det er i vaar
eigi Tid," sagde han, „at me lyt sjaa oss um etter
vaare Mynster, liksom det er i vaar eigi Tid me Hver.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free