- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
32

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

32

EIN FRITENKJAR

Det er vaar eigi Tid som krev vaar Kjærleik, av di
det er den som krev vaart Arbeid." Og so vaaga
han seg med skjelvande Hjarta innpaa det som han i
Grunnen skulde tala um. „Den som elskar maa
arbeide, den som arbeider hev Rett til aa elske ... De
skynar meg visst ikkje?" — „Knapt nok," svara Ragna.
„Det De her segjer minner meg sterkt um Bror mins
Eventyr-Visdom ... og daa er det vel eg som er
faavis?" „Hm, kven veit," sagde Hauk. „Ein kann
drøyme mange sanne Tankar inn i eit Eventyr."

No saag dei Prestegarden eit Stykke framme; Hauk
kvakk. „No eller aldri!" tenkte han. „Ser De, Ragna,"
tok han i; Mæle vart ustødt; „ser De, Ragna, eg
er ein slik Mann som hev sett meg fyri aa arbeide,
og arbeide paa dei Vilkaar som Tidi byd . . . Det er
harde Vilkaar, helst her hjaa oss. Ingin Mann held
ut, naar han ikkje hev Studning og Styrkjing i heil,
ærleg Kjærleik" . . . Ragna vart rædd, glad, ør; ho
skalv for at det skulde koma som ho helst i Verdi
vilde høyre . . . skalv og bøygde av. „Ja;
Vil-kaari er ikkje lette," sagde ho med tilgjord Ro.
„Alle segjer at Tidi er vond; Trui er i Nedfall; her
er Strid og Uro i alt; faae bryr seg um det som
skulde vera det høgste ... So høyrer eg dei segjer
. . . og det er vel sant?"

Hauk kvakk upp som han hadde set ein stupande
Avgrunn gapa fram nedfor Foten sin. Dette hadde
han ikkje tenkt paa.

Kvar i Verdi hadde han havt sine Tankar? Kor
kunde han, med sine Meiningar, vilja gifte seg med
ei Prestedotter og kristi Møy? Kva Rett hadde han,
Kjættaren, til aa draga denne Gjenta inn i sin Strid?
Og kva vilde han med ei Kone som ikkje forstod hans
Tankar, ja som livde i Rædsle og Hat mot det han
heldt for sant?

Han fraus. Han skalv. Det lagde seg som ei isande
Skodde for Bringa hans. „Med mine Meiningar,"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free