- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
36

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

36

vori dei som hev sagt Dykk, at det var eg; men eg
toler ikkje at De trur slikt um meg, og difor skriv eg
dette." Breve var ikkje lenger. Men likevel vart ho
so ør av Glede, at ho i den Ørska flaug like inn ti!
Får sin paa Kantore og ropa i full Jubel: „det er ikkje
han, Får! det er ikkje han!" — Presten skvatt upp
og stirde handfallin paa henne. Daa kom ho til seg
att, hugsa kvar ho var, hugsa at ho stod der med Breve
i Handi, hugsa kva Får hennar maatte tenkje . . . vart
raud som Blod og sprang sin Veg. „Men —, Ragna!"
ropa Presten. Ho høyrde ikkje, flaug, flaug som ein
Tjuv, ende til Skogs, og kom ikkje heim att fyrr langt
paa Kvelden.

IX.

Det var ein som hadde lagt Merke til, at ikkje alt
var som det skulde vera med Ragna no i seinste Bile,
og det var Balle. Han hadde lika Ragna; for ho var
fager og saag ut til aa vera vitug og god; og han
hadde so ymist tenkt paa aa gifte seg med henne.
Men no saag han vel, at ho var hügbrigd, og han
tottest ikkje tvila um, kva det var som var komi i Vegen.
Det var greidt at det var Hauk som hadde tryllt den
stakkars Vækja. Hauk, Fritenkjaren, Samfundsrivaren;
Hauk, den gudlause, kaldkloke Spottaren. Men var
det so, daa galdt det i Sanning um aa verja den
stakkars Ungmøyi fyrr det vart for seint. „Det fær gaa
som det kann med meg," tenkte Kapellanen; „men
ho maa ikkje bli øydelagd. Ho maa utor den Vondes
Klo, rett som ein Brand utor Elden." Han kjende seg
sterk og rein i denne Tanken og strauk strakst av
Garde til aa tala med Presten.

Han kom same Dagen som Ragna hadde fengi Hauks
Brev. Han gjekk inn paa Kantore. Der fann han
Presten drivande att og fram paa Golve, med Uro og
Sorg i alt sitt Lag. Hans var inne; han sat med eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free