- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
35

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

35 EIN FRITENKJAR



Balle drog paa Aksli og sagde: „ser De no at eg hadde
Rett?" — Hans var reint utav det og svor „per Siygem
og alt stygt", at han aldri vilde have noko med den
Mannen aa gjera meir. Og det skulde ikkje Ragna
heller, lova han med seg sjølv. Men Ragna var den
som tok tyngste Støyten.

Stakkars Gjente. Ho hadde ikkje havt det godt i
denne Tid. Hauks Framferd mot henne hadde vori
so forunderleg, at ho var reint uppkava av Tvil um
hans rette Meining. Og denne Tvilen gjorde at ho
elska meir og meir; men di meir ho elska, di saarare
vart Tvilen. Ho kunde ikkje tenkje paa anna enn
dette. Alt det ho saag og høyrde maatte minne henne
um Hauk. Det som hadde haldi henne uppe var den
varme Voni lengst inne, at han nok likevel heldt av
henne. Men so kom dette Blade. No var det greidt
at han ikkje brydde seg um henne. Hadde han gjort
det, so hadde han ikkje fari so stygt mot den gamle
gode Får hennar. Det var tydelegt at hans Framferd
mot henne ikkje hadde vori anna enn Fjas.

Han kom fraa Paris, han hadde lært aa sjaa paa
Kvinna som paa eit Leikverk. No hadde han havt
Moro av for ein Gongs Skuld aa gjera lite Kur til den
stakkars Prestedotteri paa Lande. Aa, som desse
Tankane skar og sveid. Og kor ho skjemdest og kjende
seg avvyrd. Det var so det brann for Bringa. Og
ho kunde ikkje koma fraa det. Ho gjekk og reiv seg
upp med det allstødt; det var som ho hadde sitt Liv
i denne Sjølvpining. Den einaste Kvild ho hadde var
naar ho fekk graate. Ho var i Grunnen paa god Veg
til aa sleppe Vite av Sorg.

Ein Dag hadde ho so nær misst det av Glede.
Hans kom stingande med eit Brev til henne; det var
fraa Hauk. „Eit einaste Ord, Frøken," stod der, —
„orsaka at eg er so djerv; men De skal vita det.
Det er ikkje eg som hev skrivi det Breve i „Framgang"
um Prestane og Politiken. Eg veit visst at det hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free