Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
38
EIN FRITENKJAR
Munnen. „Kristindomen krev Einfald, den; dé skal
vera som Borni! segjer Frelsaren; og ein annan Stad
segjer han: Sanningi er opendaga for dei umyndige,
men løynd for dei vise. Er det ein som hev det med
’høgare Syn’, so segjer eg: lat oss agte oss!"
Hans saag ut som um han gav seg for ein sterk
Logik. „Eg hev vori tankelaus," sagde han; „men eg
skal agte meg betre heretter." „De kann takke Gud, for
De er sloppin fraa den Karen," svara Balle mildare;
„for eg kunde godt høyre at De i ymse Maatar var
fengd av Tankane hans." — „Eg leika med Elden,"
svara Hans angrande.
Den gamle saag upp og gav Son sin eit kjærlegt
Augnekast. So sagde han mildt: „eg tenkjer med Guds
Hjelp, at me skal sleppe fraa den Karen alle. Kor gali
det enn kann sjaa ut med Ragna, — eg trur daa ikkje
ho hev vori so ør." „Aa," sagde Kappellanen; „ho
er saklaus um so var; for ho veit inginting.
Dessutan skal me minnast at Herr Hauk er Kurtisør. Det
maa vera ei smal Sak for honom, som hev lært sine
Kunstir i dei lettferdige Paris-Salongane, aa daare slik
ei ærleg og godtrui ung Møy som Ragna enno
Gudskjelov er. Og Samvite tyngjer no vel ikkje slik ein,
naar han fyrst hev sleppt sin Gud. Men me som
kjenner Ormen, me fær freiste aa berge den stakkars
vesle Fuglen, som han med sine sleipe Augo held paa
aa trolle ned i sitt opne Gap."
Presten var komin upp i den same Uro. „Ja, ja," sagde
han, og reiste seg; „er det so, so maa ho bergast.
Enno er det med Guds Hjelp tids nok. Eg vil tala
med henne. Eg vil segje henne alt. Du, Hans, lyt
hjelpe til, og Mor di like eins . . . Dessutan, Ragna er
so god ei Dotter at ho gjer oss ikkje ei slik Sorg.
Ho veit at etter det som no er hendt ... Ja, eg
er roleg for Ragna." Han gjekk Golve att og fram i
stor Uro.
Kappellanen totte han hadde gjort nok for det fyrste.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>