Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
39 EIN FRITENKJAR
Han reiste seg. „Herren vere med oss alle!" sagde
han og gjekk, med eit blidt Augnekast til Hans, som
kjende seg varm og kløkt av aa vera berga.
X.
Daa Ragna kom snikjande heim um Kvelden fekk
Presten i henne, og ho laut fylgje inn. Ho var
bleik og skalv; vilde likevel freiste aa vera sterk. Men
daa ho kom inn paa Kantore, møttest ho med Mor si,
som saag paa henne med vaate Augo og tok henne i
Famn; og daa kom ho paa Graaten.
Presten var sjølv graatfull, men samstundes rædd.
Var det komi so langt? — „Du hadde eit Brev i Dag,
Ragna," sagde han; „og du maa ikkje undrast paa at
me gjerne vil vita Greide paa det. Ei Ungmøy som
Du kann aldri vera vår nok i slike Ting. Kven var
det ifraa, det Breve?" — Ragna tvinga ned Graaten,
tok fram Breve og gav Mor si det; ho gav det til
Presten. Denne las, og Munnen hans bivra. „Kjære
Dotter mi," sagde han, „du trur vel ikkje paa dette?"
No rette Ragna seg upp. „Jau," sagde ho. „Stakkars
Barn," sagde Presten. „Kann du vera so truskyldig?
Ser du ikkje at det heile er Skalkeverk og Lygn?
Hadde det vori sant det han skriv her, so hadde han
skrivi til meg, ikkje til deg. Dette at han gjeng
Krokvegar syner altfor vel at han ikkje hev godt Samvit.
Kjære Barn," sagde han med hjarteleg Bøn, „agta deg
for denne Mannen!"
Ragna hadde reist seg upp; stod no høg og rak og
stirde paa Får sin. „Du veit godt at han er ein ærleg
Mann," sagde ho, „og han fer ikkje med Lygn."
—-„Han hev vori ein bra Gut," svara Presten skjelvmælt;
„men no hev han skift um. Kjenner du honom?
veit du kven han er?" — Ragna tagde; Mor hennar
tok henne i Handi og drog henne sorgmildt inn til seg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>