Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
47 EIN FRITENKJAR
kom yvi henne eit hugtakande Drag av Tru og Elsk.
„Ein Mann som han kann ikkje fortapast. Han hev
ei Mor som bed for honom Dag og Natt; han hev
gjenom all sin Barndom og Ungdom lært aa elske
Sanningi. Det er ein Veg som Vaarherre læt honom
gange; men han finn attende tilslutt. Helst dersom
. . . dersom . . ."ho trivla etter Ordi og slog Augo
ned. Presten skyna henne altfor vel, men bøygde av:
„— dersom han ikkje forherdar seg." No slog ho
Augo upp. „Nei, Får. Eg trur for visst at han er
ein ærleg Mann, som vil Sanningi, og slike stend
det s k a 1 f i n n e." „Ærlege Folk narrar ofte seg sjølve,"
sagde Presten; han var flat av aa høyre sine eigne
Tankar att no av Dotteri. ,.Ja," sagde Ragna, og den
underlege Smilen kom att; „men dersom nokon prøvde
paa i Livsens Lengd aa løyse honom ut or denne
Sjølvdaaring, daa veit eg visst at han kunde vinne
fram!"
No nytta det ikkje aa vride seg fraa henne lenger.
„So du trur, stakkars Barn," sagde Presten, „at du
skal kunne vera Frelsar-Engelen hans?"
Ho var ikkje lenger bljug, men saag paa Får sin
med store uppglødde Augo. „Ja, Får, det vil eg vaage.
Rive meg fraa honom kann eg ikkje, og det var visst
ikkje rett heller. Eg vil fylgje honom, og beda for
honom, og lære honom paa nytt aa elske sin og min
Gud. Eg veit eg gjer ikkje Synd med dette. Eg hev
lova meg det sjølv for Guds Aasyn, og daa fekk eg
Fred, og vart so underleg sterk." Presten kjende seg
mest raadlaus. „Du svermar, Barn," sagde han. „Du
trur som alle Kvende at du kann hugvende ein Mann
med Kjærleik og Husvarme; men det gjeng ikkje so
lett. Mannen hev det paa ein annan Maate, han. Han
læt seg yvityde av Grunnar, ikkje av Kjenslur. So
lengi eg raar for deg, so lengi maa du ikkje tenkje
paa aa faa ein Mann som negtar di og mi Tru; det
var aa selja seg til livslang Strid og Usæle. Merk det,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>