- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
46

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

46

EIN FRITENKJAR

at det urimelegaste og ravgalnaste er det sanne. Her
er Upprør og Umstøyting i alt; den Skikk og Orden
Gud hev sett er reint komin or Lag. Aa, og
Blindingen ! at eg ikkje fyrr hev set kvar det bar av med
dette ugudelege ’Fridomsvæsen’! Lat Bladskriblarar
spotte; — eg takkar Balle som hev opna mine Augo;
og heretter vil eg vigje all mi Kraft til Strid mot denne
vonde Aand, som bryt seg inn i alt, skjemmer ut alt
og riv sund dei heilagaste Samband. -— Elles vonar
eg," sagde han snøgt, „at du ikkje tenkjer meir paa
Hauk?" — Ragna vart blodraud.

„— Er du stød paa, Får, at han . . . er . . . det
som du sagde sist?" -— „Kva er det for Snakk?
Javisst er eg stød," svara Presten hardt; han kjende
med seg sjølv at han slett ikkje var fullstød. „Men trur du
daa," heldt Ragna fram, ho sat og tulla paa
Lommeduken sin og tala med det største Stræv; — „trur du
daa, at det var . . . Guds Vilje, at han skulde . . .
koma innpaa slikt?" — „Guds Vilje?" sagde Presten
„kor kann du koma paa sovori?" Han stirde undrin
paa Dotter si. - „Men kann ikkje . . . Vaarherre
likevel ha havt liksom ... ei Meining med det?" —
„Det lyt me tru," sagde Presten ustødt, han visste
ikkje kvar ho vilde av. „Hev det ikkje hendt, at Folk
som kom inn paa slike Villstigar, sidan hev . . . vorti
dei største kristne Mennar?" — No blenkte det upp for
Presten. No saag han kvar ho stemnde. — „Hm, det
hev hendt," sagde han, — „men ikkje med slike som
hev sleppt Trui med fullt Medvit og fraa sjølve
Grunnen av." — „Aldri?" spurde Ragna rædd. „I alle
Fall sjeldan," svara Presten; han kjende seg noko ustød
her. Ho smilte underleg; Augo fekk Glans. „So
hender det stundom," sagde ho; „og er det ikkje
Guds Vilje at det skulde hende alltid?" — „Visst nok;
men hev ein Mann fyrst gjevi den Vonde heilt Magti
med sine Tankar, so skal det mest meir enn eit Under
til, um han skal verte frelst." Ho reiste seg; det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free