- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
49

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

49 EIN FRITENKJAR



med Politik i denne Tid, og alle Lærarar vart fyrisagde
aa leggje serlegt Lag paa det 4de Böd og Hustavla i
Skulane sine.

XIV.

Eystein Hauk gjekk inni Byen i denne Tid og var
mindre enn glad. Han freista fyrst med hardt Arbeid,
vilde freiste aa gløyme. Men det vart verre og verre.
Sorg og Saknad auka paa og saug for Bringa som
ei Sott.

„Du er so underleg i denne Tid, Hauk," sagde
Kandidat Breide, som Hauk heldt for sin beste Vén.
Og so var det ikkje lengi fyrr Breide visste alt. „Seg
meg no Raad," sagde Eystein.

„Ja," svara Breide, „det skal eg. Eit Ord so godt
som tusund: dersom du ikkje ser deg Raad med aa
vinne yvi denne Elsken, so tak deg ein god, ladd Pistol;
set Pistolen rett inn millom Tennane; legg Peikefingren
paa Løysaren og drag til! For det er det einaste
kloke du daa kann gjera."

„Ja-ja, ja-ja," sukka Hauk.

„Du finn Villkaari strenge? —■ Godt! Naar du kann
vera so galin at du fer av og huglegg ei kgl. norsk
Prestedotter, du som vil vera ein Framgangsmann, og
det ein heil ein, — so kann du ikkje vente deim likare."

„Nei noi! du hev Rett! du hev Rett! det er det
som er Ulykka!" jamra Hauk med Andlite i Hendane.

„Ja, eg hev Rett," meinte Breide. „Ein Mann i
dette Lande som ikkje hev den „rette Tru", han maa
finne seg i aa vera heimiaus. Han er utstøytt av
Samfunde og hev ikkje Rett til aa draga nokon med
seg. Men aa gifte seg med ei Prestedotter, det var
aa draga heile det trongsynte Samfunds Hat og Illske
og Fordøming og Inkvisisjon like inn i si eigi Stogu.
Det var aa gjera heile Live sitt til ein einaste skjerande

4 — Garborg. VI.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free