Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
50
EIN FRITENKJAR
Misklang. Alt det du elska maatte ho hata og vera
rædd ; alt det ho elska var for deg Lygn. Det vart
eit Rike i Strid med seg sjølv. Det vart Helvite."
Hauk tagde eit Bil. So sagde han liksom noko
bljug: „ho hev slik ein klaar, sterk Panne og slike
sanne, ærlege Augo. Eg hev stundom tenkt at det
vilde vera ein Velgjerning aa draga henne ut or den
myrke Prestestogo ... ut i friskare Luft, ut i Live
. . . lære henne aa tenkje."
„Umvende henne —?" flirde Breide. „Stakkars Gut.
Du kann lære ein Sau gange paa tvo og ein Bjørn
danse Halling; men lære eit norskt Kvinnfolk tenkje,
det slepp du. Vaart kjære Samfund hev sytt for det.
Kvinnfolke vaart forstend seg ikkje meir paa Logik enn
Krabben. Vite deira er likso forunderlegt som
Chignonane dei gjeng med, og Tankane deira er som ein
tysk Polka. Den Mannen som kann faa Kona si til aa
forstaa at 2 + 2 = 4, han er ein Meistar; og lenger
rekk han aldri. Minst med ei Prestedotter."
„Ja men ho er ikkje ei vanleg Prestedotter! Eg tala
lengi med henne der uppe, og ho hadde Vit! Ho
forstod meg!"
„Sakte, sakte, Gut! Fyri Brudlaupe forstend Kvinna
alt, og helst det som er rart og ravgali; det er etter
Brudlaupe eg meiner; for daa vert ho seg sjølv att."
Hauk kjende seg i Grunnen uppøst, men visste lite
aa svara; for han hadde tenkt noko slikt sjølv. Og
han var rædd at Breide skulde gjera Narr av han.
So tagde han og gjekk. Men den Tanken at Ragna
var av eit reint anna Slag enn andre Kvinnfolk, og at
ho visst vilde kunna lære det ikkje andre Kvinnfolk
kunde, — den beit seg fast. Kanskje her kunde vera
Raad enno, um ikkje den Presten stod i Vegen. Den
som berre kunde ljuge. Den som kunde løyne reint
ned sine sanne Tankar og taka paa seg den Hamen som
desse Folk lika best. Ein Dag kom det yvi han
som ein Sjukdom, at han vilde freiste med dette. Den
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>