Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
sjølvtenkt Tanke, alt tillært etter autorisera Bøkar og
autorisera Læremeistrar; Leksur, Leksur fraa Upphav og til
Ende. Lause Paastand utan Teven av Grund,
umyndige Tankjerengjingar utan Namne til Kritik, ei
Faakunne um dei simplaste Sanningar i Vitskapen um
Natur og Aand som var utan Maate. Og alt lagt fram
i Guds eigi Namn som Sanning fraa Æva av. Og
der stod han og gol ein heil Klokketime. Sistpaa
kom daa og den vanlege Jammersong yvi denne vonde
Tidi, som gjorde Upprør mot Gud og den av honom
innsette Riks- og Raadsmagt og dyrka Djevelen
endefram i den frie Tanke. Hauk sat og leid vondt under
alt dette. Han skjemdest yvi aa høyre slikt bori fram
for vituge Folk. Det var ikkje eit Ord av det Presten
sagde som ikkje eggja upp heile hans Kritik; ja
Mesteparten av det saara sjølve hans Kjensle for det sanne.
Han saag upp til Altare og kjende mest som ein
Medynk med denne arme Profeten fraa Nasaret som
daa alltid skulde verte forraadd av sine eigne. Det
var greidt: den gode Presten gjekk ut ifraa at han
tala for eit Publikum av Grasnaut; og som Hauk
saag seg ikring til aa koma etter kva Folk det var, so
gaadde han at det mest alt ihop var ei uhorveleg
Samling av Vrak. Gamle, blaae Kjeringar som saag
ut som dei var komne uppatt or Lik-Kista, Møykjellur
som var reint utor Giftingi, unge Gjentur som var
stygge, sjuke, skakke eller krylvaksne, Mannfolk paa
Krykkjur, bringesjuke, utlivde, fulle av Hoste og Verk,
Gamlingar som var ferduge, Ungdomar som var
øydelagde... alt ihop stygt, sjukt, dauddømt,
vonlaust, ei Samling for eit Hospital. Men var der ein
som var frisk og livskraftig, daa saag han ikkje just
ut som han var komin hit for Guds Ords Skuld. Hauk
sat i den myrke, kalde Kyrkja og fælte. Han kjende
seg som i ein Lik-Kjellar. Nei; ved alt som var sant
og godt: her var ikkje Live. Og daa han gjekk ut,
og høyrde Orga spela eit Utgangspræludium med Tema
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>