- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
65

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Prestekona sat vonlaus og rædd og var innimot
Graaten. „Ragna toler knapt nokon Motgang i dette,“
sagde ho. „Du meiner... Helsa hennar —?" spurde
Presten ustødt. „Ja... Ho tek det so tungt.“ No
kunde ikkje Frua berge seg lenger; ho grét. „Naa,
naa, naa,“ bad Presten. Han vart reint raadlaus. Han
kjende seg so aaleine; og Kvendegraat hadde han aldri
tolt. „Ja — ja — ja, i Herrens Namn, kva skal me
gjera?“ spurde han. „Um du skreiv til Hauk?“ bad
Frua. „Skreiv? Ja... Skreiv ja, og bad honom
forklaare seg? Ja... Ja, det var ein Tanke. Eg skal
prøve! eg skal prøve! — Gjeve Gud det maatte jamne
seg!“ — Han vart tydeleg lettare. No fekk han iminsto
Dag med Avgjerdi.

Han skreiv. Fyrst eit Spursmaal paa Samvit og Ære,
um Hauk var kristin eller daa heldt paa den kristne
Læra. Men dersom han ikkje gjorde det, um han daa
vilde lova at han likevel skulde finne seg i kyrkjeleg
Vigsle, og at han aldri vilde freiste paa aa draga
Ragna inn paa sine Tankar, og at Borni — um Gud
signa Ægteskape med slike — skulde faa Daap og full
kristeleg Fostring. Breve vart sendt same Dagen;
Ragna fekk vìta det etterpaa. Ho lika det ikkje, men
gjekk inn paa at ho ikkje skulde skrive, fyrr det kom
Svar paa dette Breve.

Svare kom og var stutt og kaldt. „De kann vel
ikkje i Aalvor tru, Herr Pastor,“ stod der, „at eg læt
meg avkrevja Vitnemaal um mi Tru paa denne Maaten.
Det maa vera nok at eg stend i den lutherske
Statskyrkja, og at eg aldri hev sagt eller gjort noko som
gjev Grunn til aa tru at eg ikkje er ærleg Mann. Um
dei Vilkaari De set upp, skal eg berre segja at eg
ikkje vil binde meg soleis paa Fyrihand. Dersom
Ragna elskar meg so er ho mi; og daa er ho den
einaste som kann setja meg Vilkaar. Eg hadde —
ærleg sagt — venta Svar fraa henne fyrst; for eg
tenkte ho var sterk nok til aa avgjera ei slik Sak

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free