- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
64

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

sat som tryllt. „Eg kjenner henne ikkje lenger,“ tenkte
han. Ho gjekk — inn paa Kammerse sitt og grét.

Presten samraadde seg med Kona si. „Korleis skal
me fara aat?“ sagde han. „Ho er komi inn i den
Svermartanken, at ho er utvald til aa frelse Guten; og
mot slikt er ein verjelaus, som du veit. Her er Raad
med alt so nær som med Ørske. — — I Grunnen
er det sant som Balle sagde: slike Folk som denne
stakkars Hauk burde vera utestengde fraa alt godt Lag.“
Prestekona sat og saag nedfor seg og gjorde Kunstir
med Snippen av Lùmmeduken sin. „Balle er visst
snar til aa mistru Folk," sagde ho stilt. „Balle er
Sjælekjennar!“ sagde Presten, noko stutt. — „Du trudde
ikkje paa Mistankane hans,“ sagde Frua, „fyrr det
Bladstykke kom?“ — „Hm-hm, lat so vera, lat so
vera,“ sagde Presten, tryllt og forundra yvi at ho
hadde gaatt etter det. „Men naar no ikkje Hauk hev
skrìvi det Stykke," sagde Frua og vreid sterkt paa
Plaggsnippen, — „so er det berre Balles Mistankar
som stend att.“ Presten sat og stirde. Slike Motlegg
hadde han endaa aldri røynt av si snille Kjering!
„Barn skal reise seg mot Fâr, Husfru mot Mann,“
murra han for seg sjølv og sukka. Prestekona høyrde
det og vart reint rædd; hadde so nær sleppt det heile
og berre bedi Mannen sin um Tilgjeving. Men so hugsa
ho Dotter si og gjorde seg hard, endaa det sveid i
Bringa. No tok Presten i att. „Balles Mistankar som
du kallar det, hev sine gode Grunnar, og det var berre
min Blindskap og Godtruskap som gjorde at eg ikkje
fekk Augo upp fyrr. Dessutan tala eg sjølv med
Guten. Slike Tankar som han gjeng med er reint
haarreisande. Di meir eg hev tenkt paa deim, di ræddare
hev eg vorti. Det nyttar ikkje aa vride seg ifraa dette.
Eg hev sjølv vori likso glad i Guten som du, og eg
vil visst likso lite som du gjera Dotter vaar imot; men
no —, no veit eg ikkje kva eg skal korkje gjera eller
tenkje.“

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free