- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
81

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

staakande anonyme Bladstykke i rotrivande Avisur, men
vrid seg som Ormen, naar dei skal ofre so mykje som
ein halv Skilling for den Saki dei kallar si.“ —

Hauk svara mill. a.:

„Du er strid med Fridomsflokken vaar; men, kjære
Far min! du maa tru at du ikkje kann lære meg noko
nytt um den. Eg kjenner desse Folk. Eg hev ikkje so
reint stor Tru paa denne „Fridoms“-Flokken. Det er,
etter si store Mengd, ein ihopløpin Flokk av alle Slag,
som lite veit og inginting vil, men som er komin i
Ugreide med det gamle og difor likar at det gamle
vert rivi ned, endaa dei inginting nytt veit aa setja i
Staden. Dei likjest Sverres Birkebeinar i alt so nær
som i Mod og Manndom og i den Gaava aa kunna
samle seg trufast um Føraren og bera si Sak fram.
Det er Malkontentar av ymse Slag, heileblaute
Drøymarar, fuskande Fiskarar etter Folkegunst, drivande
Vinglingar som trur, at det aa „opponere“ er aa vera
„sjølvstendig“, og som av den Grunn opponerar mot
alt som hev Magt eller ser ut til aa faa Magt, um det
so er deira eigi Parti; — ja og so ein ørlitin Flokk
øvst uppe, som veit kva dei vil og vil det dei veit,
ein ørlitin Flokk, som verkeleg ser Saki og skynar
Tanken og strævar for den. Eg veit alt dette, Far!
Ja, eg veit meir. Eg veit at me i rette Røyndi ingin
liberal Fylking hev. Det som samlar Flokken er ikkje
sams Fyremaal, men sams Fiendar; og Stormengdi av
deim som ærlegt trur seg Fridomsmennar er i Grunnen
so gode Bakstrævarar som nokon kann ynskje seg.
Tak heile Flokken som kallar seg „liberal“; gjev denne
Flokken Magti; — han vil ikkje reformere ein kongeleg
Hestestall dessmeir, langt mindre Samfunde. Dei hev
ingin ny Tanke aa setja inn; dei vil i eit og alt byggje
paa dei gamle Tuftir; og so vert dei sitjande i det
gamle Uføre med. Fleirtale i Thinge er valde for
Fridomsmenn; men naar dei skal til aa arbeide, veit dei
knapt aa skilja milom Høgre og Vinstre. Spyrr deim kva

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free