- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
82

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

dei vil; dei svarar „Aalmennbaten“; prøv deim i ei
Avrøysting; dei vinglar kvar til sin Kant, etter alskyns
Side-Meiningar og Side-Hugmaal, liksom ein Flokk
drukne; ein Tanketrekkjar av ein Jurist kann blaase
heile Fylkingen sund med ein Sofisme. — Alt dette
veit eg. Men, ser du: dersom me ikkje hev ein
Fridomsflokk, so vert det dess meir naudsynlegt aa arbeide
upp ein; og lat enn Sverres Birkebeinar vere ein
ihopdrivin Flokk av Røvarar og Rèk: det er endaa
Sverre som eig Framtidi, og ikkje Magnus og Erling
Skakke.“ — —

I denne Tidi skreiv han eit av sine hardaste Stykke:
„Grunnvollen for Samfunde“, og sette det i Blade under
Merke R & S. „No er du seld,“ sagde Kandidat Breide,
daa han hadde set Stykke. „Aa,“ meinte Hauk, „her
er ingin i denne Daarekista av eit Samfund som skỳnar
Meiningi.“ „Ja seg ikkje det,“ sagde Kandidaten.

XX.

Ei Tid etter aatte Ragna ein Gut. Han var frisk
og fager, og Foreldri hadde vori overlag glade — dersom
alt hadde vori greidt millom deim sjølve. Men som dei
no hadde det vart Guten berre ei Orsak meir til Uro
og ymsesidig Otte. Han vart til den Tuva som, naar
Ulykka var med, lett kunde velte det Lasse dei til
dessa hadde dregi saman med so stor Umsut.
Heretter kunde det ikkje lenger nytte aa tegja; no maatte
det ei Uppgjerd til; og den var dei baae tvo rædde.

Hauk tottest vita at Ragna utan all Tinging vilde
krevja Daap for Guten; Ragna var rædd at Hauk vilde
setja seg imot. Hauk tenkte: ho er enno ikkje so
langt komi at ho kann skyna meg um eg kjem fram
med mitt; Ragna tenkte: han er enno ikkje so langt
komin at han vil like naar eg legg fram mitt. Og
so vreid dei seg for Uppgjerdi og tagde so lengi dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free