- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
83

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

83 EIN FRITENKJAR



kunde. Tankane deira kom ikkje upp paa annan Maate
enn ved det at dei var framifraa gode og kjærlege mot
kvarandre. Soleis gjekk det Dag etter Dag.

— „No?" sagde Kandidat Breide, „koss gjeng det?"
Hauk vilde vride seg undan: „aa, det lagar seg vel,"
svara han. Breide saag paa’n og flirde. „Ja no sit
du der!" sagde han. „No fær Kyrkja Veslefingren;
og hev ho fyrst den, so tek ho heile Karen. Farvel,
Fortapte!" — „Dette er ikkje Venskaps Tale," meinte
Hauk. „Venskapstala fekk du daa Tidi var til det;
daa vilde du ikkje høyre. No er det Sverd-Tid,
Graat-Tid, Økse-Tid, som Skalden segjer; no er du ikkje
lenger til aa berge. Fossen syg deg aat seg, og ut-yvi
ber det. Gakk no stad og sel Guten din til Lygni og
Humbugen ; du sel deg sjølv med same. Den Floken
du hev vasa deg inni no kunde ikkje Aleksander sjølv
hogge yvi." — Hauk fælte for at Breide kanskje hadde
Rett, men harma seg yvi at han tok det paa denne
kalde, tykkjelause Maaten. I slikt eit Knipetak var
det just at ein kunde turve ein ærleg Vén.

Det sleit av ei Viku til. Hauk saag at Ragna leid
vondt; og det vart verre og verre aa vaage ei Uppgjerd.

„Dersom det endaa berre var Daa pen!" tenkte
han. „Daapen er ein tom Skikk og ingin Trolldom.
Men vert Guten døypt, so skal han hava kristeleg
Fostring; Kyrkja riv honom fraa meg; for meg vert
han framand ; meg vil han lære aa sjaa paa som ein
Antikrist og eit Djevelsting; han vil ræddast for meg
og mistru meg. Og Lygni og Skrymtarskapen vil eta
seg inn i hans Sjæl og Tanke til han er øydelagd;
dei vil leggje seg serleg um aa synkverve og
tanke-binde honom, fordi han er Son aat Fritenkjaren; han
vil vera seld til Dauden og Reaksjonen mest utan Von
um aa sleppe laus." —Men Ragna? Ragna leid vondt;
for henne var Guten eit Djevelsbarn vigt til Domen,
so lengi han ikkje var døypt! Hauk herde ikkje aa
sjaa paa henne; han heldt seg fraa Huse so mykje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free