- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
92

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

92

EIN FRITENKJAR

Giftblandarar; fær dei Lov aa vera i Ro, so forgiftar
dei heile Folke. Difor, Herr „R. & S.", hev eg her
nemnt Dykk med fullt Namn, liksom eg sjølv stig
fram med opi Visir. De skulde vera so vidt til Mann,
at De ærlegt og heilt vedkjendest dei Tankane som
De hev gjort Dykk til Profet fyri her i Lande; men
daa De hev valt aa fara Lurevegar og Snikjestigar, so
fær De orsaka at eg her hev rivi av Dykk den Grima
som de freista aa løyne Dykk under, kvar Gong De
var ute paa Samfundsriving og Strid mot det dyraste
og beste vaart fatige Folk eig."

— Hauk drakk tvo Glas Toddy den Kvelden og
kom seint heim.

XXIII.

Daa han stod upp um Morgonen fekk han tvo Brev.
Det eine var fraa Far hans. Der stod mill. a.:

„Eg hadde trutt mangt, men aldri dette. At du,
som daa skulde vera eit klaart Hovud og kjenne din
Kristindom, kunde lata Djevelen faa so reint Bugti
med dine Tankar! Det hev vori Viljen din som
hev vori vond og gudlaus. For den som med fri
Hug læt att Augo for Guds frelsande Sanning, denne
Sanning som er so tydeleg og klaar at eit Barn kann
skyna ho, men daa so djup og rik at all Heimsens
Vise ikkje grundar ho ut, — den som med fri
Hug læt att Augo for den, han maa alt paa Fyrihand
ha gjevi den Vonde Magti yvi sin Vilje. Fraa Hjarta
kjem alle Mannens Tankar, stend det; men Hjarta er
Viljen.

„Og det som er det styggaste, ja endefram uærlegt,
skamlegt: at du hev dult dette ned for dine gamle
Foreldre! Dine gamle Foreldre som trudde deg so
vel! At du kunde gange her og ljuge so skamlaust
for meg og halde din gamle Far so for Narr! Kva

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free