- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
99

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

99 EIN FRITENKJAR



som toreslegin. Breve var heimanfraa og hadde svart
Segl.

Ragna var ikkje meir.

Ho hadde i lange Tidir vori laak; seinste Vinteren
hadde ho gjengi som i Ørska. Og no, fyrr nokon venta
det, hadde ho fari herifraa, trøytt og saar, leid av Live;
ein fekk for Guds Miskunn vone at ho hadde funni
Fred. —

Breve var underleg skrivi; Hauk fekk ei kvævande
Rædsle fyri at her laag eitkvart under som ikkje var
sagt. Skjelvande, halvt ifraa seg, reiv han upp Pakka;
der laag Ringen, eit Portræt av Ragna, ein Haarlokk
og ei Bok som viste seg aa vera ei Dagbok, førd av
Ragna i dei seinste tri Aari. Den treiv han og slog
upp; den skjelvande Skrifti kunde han knapt kjenne.

Boki tok til so: „Kjære Eystein, dette skriv eg til
deg. Eg kann ikkje tala med deg lenger; eg veit
heller ikkje rett um eg maa sende deg Brev; men det
vesle eg tenkjer og liver, det vil eg fortelja deg her
so godt eg kann, og so skal du faa sjaa det naar eg ein
Gong er burte. Kjære min Ven! det er du som er mitt
Liv, og du som eig meg; difor skal du og vita kva eg
tenkte og leid. Daa skal du tenkje kjærlegt og mildt
um meg, liksom i gamle Dagar; og daa vil eg sova
trygt i mi Grav, naar eg veit at du minnest meg, og
tenkjer kjærlege Tankar um di arme Ragna."

Det var ei forunderleg Bok aa lesa. Kvar Dags
Tankar og Kjenslur var grant uppskrivne, og det heile
gav eit sorgsprengt Bilæte av ei Kvinnesjæl rik og
fager, som smaatt um Senn var løyst upp i Strid millom
tvo sterke, ulike Hugdrag, Tru og Elsk. Fraa fyrsto saag
det ut som Trui førde Orde. Innhalde av dei fyrste
Bladi var mest gudelege Tankar og Bønir. Men alt
her laag Elskhugen under som den rette drivande
Kraft. Alle gudelege Tankar stemnde mot det
Spurs-maale, um ein ærleg Sanningssøkjar botelaust var
fortapt, naar han ikkje kunde tru paa dei kristelege Lær-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free