- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
100

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Lærdomane; og alle Bønir samla seg i Grunnen um det
eine: Naade for Eystein Hauk. Og etter som det leid
lenger, vart det meir og meir Eystein Hauk sjølv som
vart Hovudmannen. Ho hadde snart meir aa segja til
honom enn til Vaarherre. Og stundom rørde det seg
saman for henne, so det var vandt aa vita kven av
desse tvo ho hadde meint. Ho skreiv „du“ til den
eine som til den andre, og det saag ut til at ho ofte
hadde blanda deim ihop. Meir enn ein Gong hadde ho
byrja ein Setning med Tanken paa Gud, men enda
han med Tanken paa Eystein. Di lenger ein kom
ut i Boki, di meir ør og tanketryllt vart denne
Samanrøringi. Hauk vart ræddare og ræddare, di lenger
han las. Og paa Slutten stod det ikkje til aa dylja
lenger: den saare, uendelege Striden hadde løyst seg
upp i Sjukdom.

Den siste Vinteren hadde ho havt Synir. Og her var
den same sjælesjuke Ørskapen. Det var mest Uraad
aa vita kven det var, den stakkars unge Kvinna tottest
hava set. „Eg gjekk ut yvi Vegen,“ stod det ein Stad,
„den Vegen der me gjekk saman fyrste Gongen; for
der møter eg deg so tidt, arme, kjære Ven! og du
smiler til meg og er god imot meg som den Gongen,
daa eg var ung. Og eg saag deg; du stod kvit
millom dei høge Granine; Maanen lagde Ljos yvi deg,
og du hadde Straalekrans um Haare. Og eg lagde
meg paa Kne og bad, og alt ikring meg bøygde seg
og bad; og me bad um Naade for oss alle, og for alle
dei som syrgjer og hev det vondt. Men du smilte,
breidde Armane imot meg og sagde: Fred vere med
deg! og vart burte.“ Det som kom til Slutt var verst.
„Og du stod framfor meg, og Tornekransen laag tett
og kvass ikring Panna. Men i Handi hadde du Kalken,
og du gav meg denne Kalken og sagde: drikk av denne
Kalk! det er mitt Blod, som rann for deg i den Stundi
daa Hjarta mitt brast! Og eg drakk! og det var Blode
ditt, og det gjekk meg som ein tærande Eld gjenom

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free