Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
han. „Kven er De?“ — „Eg er Klokkaren her i Sokni;
mitt Namn er Gabriel Vikstad.“ — „Jaso,“ sagde
Hauk. „So kann De vel fortelja meg eitt og anna or
Bygdi daa.“
„Kann hende,“ svara Vikstad; „men kven er De?“
„Det fær De tidsnok vìta,“ sagde Hauk. „Seg meg
fyrst: kven er Prest her no?“ „Det er Balle, — ein
velsigna Guds Mann... Kjenner De honom?“ —
„Hm, lite...“ „Han var fyrst Kapellan hjaa gamle
Presten Vangen, fekk seg so eit Embætte der vestpaa
ein Stad, og sidan, daa gamle Provsten Hauk døydde,
kom han hit. Det er han — næst Vaarherre, — som
hev hjelpt meg til —.“ „Er det lengi sidan gamle...
Provsten... vart nedsett her?“ tok Hauk frami.
„Aa, det er nokre Aar,“ svara Klokkaren, heller stutt.
— „Denne unge —“, sagde Hauk, „ho hev vori gift,
ser eg... kven var det ho var gift med?“ — Klokkaren
sette upp eit underlegt Andlit, liksom dette var noko
han ikkje lika aa tala um. „Aa —,“ sagde han, „det
var ein Son av gamle Provsten Hauk, ein fortapt Son,
eit stakkars Ting,“ Klokkaren drog paa Aksli. „Kor
daa?“ spurde Hauk. „Aa —,“ svara Klokkaren og
drog paa det. „Naa?“ spurde Hauk. Klokkaren kom
nærare og kviskra i ein rædd, løyndomsfull Tone:
„Ser De, han var... Fritenkjar!“ „Aa,“ sagde Hauk.
„Og daa Kona hans vilde hava Barne sitt døypt, so
var han so ugudeleg og samvitslaus og forherd, at —
ja De trur det ikkje, men det er sant! — han strauk
fraa baade Kone og Barn, lét dei hytte seg sjølve;
for til Paris og slog seg paa Ukjurskap, og fekk
tilslutt ein Ende med Forskrækkelse.“ „Jaso.“ „Ja;
det gjeng fæle Sogur um det. Me er no so upplyste
no, Gudskjelov, at me trur ikkje paa alt, men —.“
„Hm! — Men den Son deira?“ spurde Hauk. „Jau,“
svara Klokkaren med blidare Aasyn, „han tok seg
godt upp. Og no er han nett i desse Dagar vigd til
Prest. Han kjem til aa gjera godt att det Far hans
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>