- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
105

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

105 EIN FRITENKJAR



Han rørde i desse Tankane til dess han kom til
Byen. Daa gløymde han alt, av Hug til aa sjaa Son
sin att. Han spurde upp Presten Hauk, som snart var
funnin. Skjelvande og liksom rædd steig han upp
Troppi i eit stort Hus; daa han kom til Gangdøri, stod
der paa eit Namnebrett med store Bokstavar: „Eystein
Hauk." Den gamle kjende seg som ein Sjusovar
som hadde dorma i Skogen i hundrad Aar og no kom
heim og banka paa Døri hjaa sjølveseg.

Den unge Presten sat paa Kantore og skreiv. Daa
Gamlen kom inn saag han upp; vart naaende bleik, og
Pennen datt fraa honom paa Borde. „Kven i Guds
Namn —?" stota han. „Eg er Far din," sagde Gamlen
med skjelvande Mæle.

Presten flaug upp. „Liver du?" ropa han som tryllt.
Gamlen stod ør og sjølvgløymd og stirde paa Presten;
det var honom sjølv fraa hans Ungdoms Tid; men
ikring Augo hadde han noko som minnte um Ragna
. . . -— „No vil eg gjerne døy, daa eg hev set Son
min, at han liver," sagde Gamlen. Og Taarine draup
i hans kvite Skjegg.

„Og me som hev trutt deg daain!" sagde Presten;
han skalv mest liksom Far sin. „Hm, er eg so gløymd?"
svara denne. „Naa ja; det er i Grunnen sant; eg er
ikkje stort meir enn ei Heimferd. Men endaa laut eg
hit og sjaa deg, fyrr eg lagde meg til Ro."

Presten kunde liksom ikkje rett tru at han no
stod framfor Far sin. „Du var so forunderleg lik
Bestefar," sagde han. „Eg vart reint rædd daa du kom
inn; eg totte det var han!" — „Hm; minn meg ikkje
um dei Ting. Provsten Hauk vilde ikkje vera Far min
i dei seinare Tidir . . . Endaa hev eg no vori uppe
og set um Gravi hans og bedi honom gløyme. Han
var ein god Mann, den gamle; eg ber tung Sorg for
hans Skuld. Men til deg er eg komin og vil minnast
mine gode Dagar."

„Arme, kjære Far," sagde Presten med Graat i Augo

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free