- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
115

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AV LAAK ÆTT

115

sundrivne Kufta. Dei myrke Augo hadde ein vill Glans
etter Dragsmaale; det store svarte Haare laag i digre
Lokkar og Krullar kring Hovud og Nakke; men Blod
rann fraa Tunnvangen ned-yvi det eine Kinne hans.
Dei saag mest fælne paa denne ville Karen. „Aa, det
er Son hans Svarte-Asbjørn Hegglid," sagde ein; og
i same Blinken kjende dei han alle. Dei drog seg
ifraa han, so han vart standande midt paa Golve aaleine;
tilmed Lars totte han fekk fylgje Flokken.

Leiv kvitna der han stod. „Er de rædde no, alle
de gjæve Gutar?" sagde han; Mæle var haast og strøypt
so han kjende det ikkje sjølv. „Aa," svara ein; „det
er vel ikkje alle som er so fuse paa Dragsmaal som
Leiv Asbjørnson, som ikkje kann drygje til han kjem
inn i Lage dessmeir, men lyt til aa rivast so snart han
ser Huse." Det høyrdest Knising i Kræane. Leiv
vart stygg i Augo; det bivra um Munnen. Gamle Jon
Haugstad kom med ei Ølkrus; „Ungdomen vil danse
den," sa han lempande; „og det vil vel du Leiv au.
Men no kann du ha godt av ein Svaledrykk fyrst; du
fær smaka paa Øle." „Ikkje Dropen drikk eg her,"
svara Leiv; „og ingin skal segja det paa meg, at eg
gjer nokon Mann Uskil som ikkje ufredar meg; men
ein Dans kunde eg like aa freiste"; han saag seg
ikring etter ei til aa danse med. Men dei han saag
paa snudde seg ifraa han. Og Karane lo.

Leiv kjende eit Sinne koke upp i seg som kunde
taka Sans og Vit, um det fekk Magti. Men han tøymde
seg. Han steig burt-til ei av Gjentom i Flokken og
baud henne ein Dans; „nei elles Takk," svara ho.
Leiv beit ihop Tennane; treiv etter den som stod
nærast; ho reiv seg ifraa han reint rædd. No sansa
ikkje Leiv lenger. Det gjekk Skodd for Augo; det
susa um Øyro; han treiv i Flokken etter ei til; —
jau; ho kom. Spilemannen strauk upp; Leiv dansa
fram som ein ør Mann; Stogo skalv under Foten hans;
han gjorde Kast mot Bjelken so Kvinnfolki skreik; ingin

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free