- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
122

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

122

AV LA AK ÆTT

er gildt. Men eg lyt til Amerika nokre Aar lell eg,
Far." Det vart reint stilt eit BU.

„Eg tek til aa eldast no, Leiv." — „Aa, du slit det
ei Stund til, du Far." — „Hm. D’er so rart med det.
Berre Framande i Huse; gamall Mann." — „Eg kjem
att, Far." — „Ingin hev Brev paa Live, veit du." —
„Eg maa ut Far; elles kann det gaa verre." Asbjørn
saag paa Son sin lengi og aalvorsamt. Dette lyt hava
eitkvart paa seg, tenkte han. „Naar skal du fara?"

— „Di fyrr eg fer, di fyrr kjem eg att."–„Ja, ja,"

sa Asbjørn.

Aatte Dagar etter rusla eit lite Bylass ut fraa
Hegg-lidtune og ned gjenom Dalen. I Kjerra stod ei
blaa-maala Kiste med raudrosut Lok, og dertil eit Skrin og
ei stor Tine. Merri og Lasse rusla fyri; etter gjekk
Asbjørn og Leiv.

Leiv saag so sturin ut, at Far hans var mest uroleg
for ’n. Han gjekk og tenkte paa aa spyrja han ut.
Kunde det vera noko serskilt som dreiv han fraa
Bygdi? Men naar han saag paa Son sin fælte han seg av.
Det kunde vera eitkvart som Guten helst vilde bera
aaleine.

Det var Alvhild, Leiv tenkte paa, og den laake
Lagnaden sin. Der laag Dale-Garden, koseleg og lognt,
i ei Kraa millom tvo Fjell. Der inne sit ho, tenkte
Leiv; og det saug og drog i ’n av Lengting; no kunde
eg stemne til Gards paa Beling, berre eg var av ei
gildare Ætt! — Han skjegla til Sides ned-etter Far
sin, som gjekk der og tusla gamall og bøygd: Gud
veit kvi eg nettupp skal vera din Son? —

Den gamle var komin i djupe Tankar. Han hadde
gaatt etter at Sonen gjekk og saag med slike
underlege Augo burtetter til Dale; stakkars Leiv, han skulde
vel aldri i si Ungdoms Gaaløyse ha forsét seg paa
Daledrosi? Daa kunde Gamlingen skyna baade eitt og
hitt. Kannhende vilde Guten til Amerika og gløyme?

Det vore best, um so var. Men um ein Ungdom

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free