- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
125

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AV LAAK ÆTT

125

men det skal mykje til. Breve stakk han til Alvhild
med Kyrkja; og han saag ho vart glad; gjev ho heldt
ut! Sundagen etter fekk han Breve att; inni laag ein
litin Setel „Til Velagte Ungkarl Leiv Asbjørnson Hegglid
i Amerika." Sidan gjekk det fleire Smaabrev dei unge
imillom, og Asbjørn stelte det so fint at ingin tok
Mistanke.

Alvhild var underleg i Lag. Ho fekk aldri sine
Tankar fraa Leiv; denne Elsken batt henne som ein
Trolldom. Men sümetidir kjende ho seg tyngd meir
enn glad. Med hin Ungdomen kom ho mindre saman
enn fyrr; det var ikkje so hugnadsamt millom deim
heller no, totte ho. Folk undrast paa dette. Men den
rette Grunnen kunde ingin koma paa. At ho var for
god Manns Dotter til aa tenkje paa ein som Leiv, det
visste alt Folk. —

— Eit noko Bli etter at Leiv var utreist fekk
Alvhild Friarbrev fraa Bjørn Haugstad. Han hadde merkt
at ho var annarleis mot han no enn fyrr; og vilde
vita koss det hadde seg. Han meinte paa, at ho hadde
ikkje alltid vori so framand som ho no var; og ho
skulde vita at ho gjorde stor Synd, var det so at han
ikkje kunde tru paa henne. Alvhild svara so vent som
ho kunde, men bad han slaa dette fraa seg; ho hadde
aldri tenkt paa slikt, ho. „Det er fleire Gjentur
enn eg," skreiv ho; „ver ikkje vond paa meg, men
gløym meg."

Knut Aase drygde, han. Men kunde han faa Høve
til aa segja henne eit godt Ord, so heldt han seg
framme. Med slike laut ein gjeva Tol, meinte Knut;
„dei hev det godt som dei hev det, og vil gjerne vera
frie i det lengste." —

— Ut paa Hausten fekk Asbjørn eit nytt Brev fraa
Son sin. Leiv fortalde at han arbeidde hardt, og at
han ikkje hadde visst kva Arbeid var fyrr han kom
hit; „arbeidde me slik i Norig, so kunde me koma
oss upp der au." Han hadde vori ein Stakkar heime,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free