- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
127

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AV LAAK ÆTT

127

Bestefar hadde vori for glad i Mammon; skulde
Sonesonen lide for det, og det um han var aldri so uskyldig?
— Han gjekk reint tyngd av desse Tankane, Asbjørn
Hegglid. Dei Pengane som han og Far hans hadde
freista aa klore til seg med meir eller mindre Urett,
var det dei som no strauk? Og Straffi skulde falle
paa den saklause? og der som ho i det heile maatte
falle tyngst? —

Med Alvhild vilde han tala; men det kunde aldri
bera til. Ho var vandare aa raake no i det seinste,
totte Asbjørn, korleis no dette kunde hava seg. —

— — Knut Aasen gjorde seg Ærend til Dale rett
som det var. Og so vel fagna dei gamle han, at han
fekk Mod til aa koma att, endaa Alvhild ikkje syntest
bry seg noko um dette.

Daa Aare var gjengi tenkte ho elles mindre paa
Leiv enn fyrr. Hugen var ikkje so heit; ho kjende
seg lettare og friare. Og ho vedgjekk det for seg
sjølv: det var underlegi at ho skulde koma til aa taka
ein ættlaus Gut, ho, beste Gjenta i Bygdi. Det var
vel at ingin visste det enno; elles skulde det vorti
Drøs! Ho gav seg meir i Lag med Ungdomen att;
og ho kunde vera lettliva som fyrr mest.

Knut Aasen gjorde ikkje lite til dette. Han var ein
kvik, livmykin Gut, lentug i Ord og rett ven; ikkje
stor og sterk som Leiv, men lidug og snaal og ferm
og frisk, og ein framifraa Dansar. Alvhild hadde lika
han godt fyrr ei Tid; no var det mest som ei Kvild
aa vera i Lag med han; han kunde so lindt løyse
henne fraa dei urolege Tankane. Det leid og det skreid;
og ho fekk alt mindre imot at Knut hadde si Gonge
paa Dale.

At ho hadde noko Kjenskap med Asbjørn Hegglid
maatte ikkje koma ut; Brev var det tryggast vart lagde
under Steinen ved den gamle Furo hadde ho sagt;
sidan raakast ho ikkje med Asbjørn lenger. Og fraa
Amerika høyrde ho inginting.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0135.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free