- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
134

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

134

AV LA AK ÆTT

like eins slengd beltelaus paa Sjøen millom beltebudde.
Det er Urett. Samfunde skulde rette paa dette; men
Samfunde er dei beltebudde; i sjølve det frie Amerika
er Samfunde dei beltebudde aaleine. So fær ikkje
Mr. Hegglid nytte sitt Liv. Han er sterk Kar, staut
Kar; hev same Rett paa Live som alle; men der ligg
han; treng all si Magt til aa fløyte seg berre so vidt
uppe at han ikkje søkk med ein Gong. Vil han greide
seg, so maa han faa Symjebelte, han som hine."

„Kor skal han faa det ifraa?" spurde Leiv.

Baronen tok fram-i att, noko meir vart: „That is the
question. Mr. Hegglid, — det kjem eit Belte drivande.
Det høyrer ikkje Dykk til; men det høyrer ikkje meir
nokon annan til; ingin hev annan Rett paa det enn
den han fær ved aa taka det. No kann Mr. Hegglid
taka det. Tek han det ikkje, so søkk han. Eller ligg
og baskar millom dei beltebudde, til Livskrafti er øydd.
So er Verdi no stelt. Spursmaale for Mr. Hegglid er
daa: vil han fljote eller vil han søkke?"

Leiv vart blodraud og ris upp. „Kann ein Baron
tenkje soleis?" sa han.

Baronen drog paa Aksli og flirde. „Lat oss vera
ærlege mot kvarandre," sa han. „Eg er ikkje meir
Baron enn De. Tilvære hev vori rangvist mot meg
som mot Dykk, Mr. Hegglid. Baronen, — det var og
slikt eit Symjebelte som kom drivande; og eg tok det;
det demokratiske Amerika ligg paa Kne for Titlar og
Talemaatar som hi Verdi. Kvi skulde eg daa ikkje
kalle meg Baron? Eg hev same Hüg og Rett til aa
liva som nokon Baron; og me er alle Baronar for
Vaarherre. I oss alle gløder Livsviljen; i oss alle
brenn Livsens Eld; men ein grenselaus Urett stengjer
oss ute fraa Livsborde; skal me bøygje oss for den,
lenger enn me er nøydde til? Eg skynar ikkje det.
Lat oss slaa Lag me tvo, Mr. Hegglid. Eg kann hjelpe
Dykk i sümt, og De hev den sterke Neven; me riv
til oss Livsbelte. Mr. Hegglid, ver ein Mann!"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free