Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AV LAAK ÆTT
137
nok sant som det stend, at ein maa inkje tru paa i
Verdi. Og minst paa Gjenteaugo. Var det ikkje det
eg tenkte daa du for, at det er spelegt aa sleppe Gjenta
so langt ifraa seg. Dei er so veike, og Gutane ligg
allstødt etter deim. Knut Aasen er baade snaal og
sløg. Han visste aa snu seg til Fisken beit, han ; det
vert sagt for visst at dei skal hava Bryllaup i Haust.
–Süme segjer at Alvhild er lite glad. Kunde du
koma, so er det vel ikkje so visst köss det gjekk.
Best vilde det vera at du var like sæl um ei som det
ikkje er meir Sæt paa; men Ungdom er Ungdom, so
det er vel lite Von. Men du er sterk Kar, og du skal
ikkje taka det for tungt. Og du skal koma, kann du." —
Han las Breve. Las det upp-att; las det Gong
etter Gong. Heile Dagen sidan sidan gjekk han mest
som han var fraa Samlingi. Men det var som han
kom seg att. Dagen etter var han som vanleg. Berre
noko stusleg aa sjaa til. Knapt heiltupp frisk. Han
tok stundom altfor hardt i, denne Mr. Hegglid.
Snart kom den Dagen daa Husbond skulde ut paa
si Vinterferd; han tok til aa eldast no, og søkte gjerne
til Sol-Landi. For Gardsstyre var han trygg, naar han
hadde Mr. Hegglid.
Men daa Husbond var godt og vel burte, — det
kom ein Morgon daa dei sakna Mr. Hegglid med.
Gardsfolke tok til aa leite; Mr. Hegglid hadde stundom
vori noko rar i det seinste; kunde noko vera hendt?
Det vart leidt baade lengi og vel; men Mr. Hegglid
var ikkje aa finne. Og rett som det var kom det upp,
at Pengeskuffa var tom . . .
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>