- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
136

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

136

AV LA AK ÆTT

Far hadde gode Tankar um Alvhild, so lite som han
elles trudde paa „Bygdekaksane". Det gjekk alltid eit
Grand Drøs um henne, skreiv Gamlingen; men med
slike Drosir hadde Folk det no alltid annt. Og elles
fekk Leiv tenkje paa Heimferdi so snart han saag seg
Raad; den Dagen kunde koma daa det vart gildare
Gardar enn Hegglid au aa faa, den som hadde ein
Skilling. —

— Den Vaaren Knut og Alvhild vart feste fekk Leiv
eit Brev fraa Far sin som han vart eit Grand uroa av.
Alt stod vel til. Men Folk tala meir og meir um
Knut Aasen og hans Friing paa Dale; süme sagde
jamvel det som meir var. Og det kunde vel ikkje
vera so greidt for slik ei Béledros heller, naar Karane
styrmde paa, og den rette var so langt or Veg.
Asbjørn vilde ikkje mistru Alvhild; skulde ein mistru ei
slik, so var ingin aa tru. Men um Leiv sende eit
Brev kannhende? — Leiv tenkte paa dette. Sat uppe
Natt etter Natt cg stræva med Brev; men han fekk
deim ikkje som han vilde og brende deim um
Morgonen att. Um Dagane gjekk han i sitt Arbeid som ein
ør Mann. Tidi gjekk so fort, og ingin Veg kom han.
Kor skulde dette gaa?

Det drog ut etter Sümaren, og han vart meir og
meir uroleg. Han skrintest og bleikna; og i Augo kom
noko vilt. Han tenkte stundom paa „Baronen" og den
„Filosofien" hans; var Verdi endevend? Skulde Lykka
vera imot han i dette einaste som han brydde seg um,
kva Meining var det daa i aa gaa her og træle ?

Han hadde sendt Brev til Far sin og bedi han
fortelja alt det han visste fraa Dale; var det so at Alvhild
hadde svikta, so var her ingi Raad; men var ho den
han trudde, so vilde han skrive og segja alt som det
var til; so fekk me sjaa um det ikkje endaa kunde laga
seg. Det var paa Haustkanten daa han fekk Svar. I
Breve stod:

„No vilde eg helder tegja enn tala. Men det er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free