Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Hemn.
AASULV og Bjergljot heldt av kvarandre. Dei
hadde ein fager Kveld lagt Hendane ihop og lova
at dei aldri vilde skiljast aat, fyrr Dauden kom og
løyste deim; og sidan hadde dei møtst ofte. Og ein
annan Kveld — det var no nyleg — hadde dei med
Graat og stor Sorg lova kvarandre paa nytt Lag, at
det dei hin Gongen hadde svori, det skulde stande;
stande kva i Verdi som brast.
For Tarald, Far aat Bergljot, vilde ikkje. Han lika
ikkje Aasulv. Han lika slett ikkje Aasulv. Han vilde
ikkje sjaa han for sine Augo. Og det han vilde det
vilde han, denne same Taralden Haukenes.
„Du skal ha han Paal Braate," sa han til Bergljot.
„Nei," sagde Bergljot. „Jau," sa han Tarald. „Me
fær sjaa," sagde Bergljot. „Ja bia du berre," meinte
Tarald.
Ein Kveld var Paal Braate paa Haukenes. Det var
ein rett gild Kar, men noko halvgamall og heller
smaa-mælt. „Det er Friaren din," sa han Tarald. „Min
vert han aldri," svara Bergljot. „No er du skipeleg!"
ropa Tarald og kvitna; det var alltid Merke paa vondt.
Bergljot torde ikkje svara. „Og so er du so god og
tek hamsleg imot han; — skynar du?" — „Eg skal
gjera det so godt eg kann," svara Bergljot.
10 — Garborg. VI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>