Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
146
HEMN
Tarald og Paal sat og svalla heile Kvelden; og der
vanka Brennevin noko-sonær til Maate. Endaa paa
Slutten vart dei heller høgmælte. Daa ropa Tarald
paa Dotter si; og ho laut koma. „No er det min
Vilje og Meining," sagde Tarald, „at du til Vaaren
fylgjer denne gode Sveinen Paal Braate, fyrst til Altare
og sidan heim til honom; kva segjer du til det?" Ho
vilde svara hardt; men Faren saag so kvasst paa henne
at ho bøygdest. Ho saag nedfor seg; tenkte eit Bil;
svara so stilt: „er det so at du plent vil tvinge meg
til det du veit eg ikkje vil . . . so skal eg fylgje han
. . . til Altare . . . men ikkje lenger." Ho retta seg
upp og var bleik.
Tarald vilde kvesse i; men Paal sagde: „ja-ja,
Bergljot; kjem me fyrst so langt, so kann me alltid snakke
um Resten sidan." „Det var eit sant Ord!" skreik
Tarald og slog i Borde; „Skaal! — Festeskaali for Paal
Braate og Bergljot Taraldsdotter Haukenes!" Dei drakk;
Bergljot snøgga seg ut.
Denne Kvelden var det ho raaka Aasulv, so som
sagt er; for han visste um den nye Friaren og laag
paa Lur utanfor Husi. Og som dei stod der i Sorg
og Sut og kviskra saman i den maaneklaare Kvelden,
gjorde dei det so av, at Bergljot skulde fylgje han
Paal til Altare; men der skulde ho svara høgt „Nei"
paa det som vart spurt; for daa visste dei at Presten
ikkje kunde vigje deim; so laut det vel alltid laga seg
sidan. —
— Um Vaaren stod Bryllaupe; det var baade stort
og gildt, med tvo Spélemennar og alt som til høyrde.
Mange Folk var der au. Sjølve Presten var bedin; han
sat ved Borde og aat og drakk i Lag med dei beste
Bøndane i Sokni.
Men daa dei hadde fengi det dei vilde av Mat og
Drykk, fekk Tarald Presten med seg ut i eit Kammers.
„Det gjeld ein Stut i Dag, Far," sagde Tarald. „Ein
Stut?" undrast Presten og saag paa han. „Ja," sagde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>