- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
148

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

148

HEMN

stirde paa han so hardt og fast at han fekk Mod att, og heldt
paa som inkje var.

Med andre Spursmaale gjekk det sameleis. Det vart
Uro ned i Kyrkja; men Folk var ikkje full-klaare i
Hovude; dei fleste tenkte det laut vera Ørskap og
Mistak av Bruri. Gamle Klokkaren sat og glodde og
undrast: Bruri hev fengi Brennevin i Dag, tenkte han.
Tarald stod og liksom steikte Presten med Augo;
Presten heldt fram.

Bergljot vart rædd og fortryllt. Ho skalv so Paal
maatte stydja henne, endaa han sjølv kjende seg veik
i Kneledine. Tridje Svaret kom so laagt og ustødt at
ingin kunde høyre det; Presten skunda og dreiv paa
som han stod paa gloande Jønn.

Sistpaa gjorde Bergljot korkje høyrde eller saag.
Kor bar dette til? Hadde ho ikkje svara høgt nok?
Hadde ho mistydt Spursmaali og svara gali? Ei hard
Rædsle tok henne. Ho vilde skrike, men kunde ikkje,
vilde røme, men vann ikkje flytja Foten; ho var
som fjetra; det gjekk rundt, rundt; ho høyrde Surr og
Sus og Rop langt burte; Altertavla duva upp og ned
som i Sjøgang; Bilæti snudde seg og stirde . . .
Presten dreiv paa so han sveita; og nett som ho seig
ned-paa Blæja var han ferdug til aa lyse Velsigningi. Paal
lagde seg attmed henne; Presten lagde Hendane paa
deim og lyste og velsigna ... So var dei vigde for Gud
og Mann; og Tarald sprang sjølv upp og hjelpte Bruri,
som daa var mest i Uvit.

„Hvad Gud har sammenføiet skal Menneskene ikke
adskille," slutta Presten; Sveiten stod paa Skallen hans.
„Tak det ikkje so tungt, Barne mit," kviskra Tarald;

„du skal hugse paa at du er godt gift!"

*



Hausten etter skulde Presten til Støle i Sokneböd.
Hallvard Støle laag i Banen og vilde hava Sakramente;
og Tenestguten hans kom etter Presten med Baat, daa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0156.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free