- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
149

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEMN

149

ein maatte ro ei halv Mil yvi eit Vatn, naar ein skulde
til Støle. Vére var halvruskut; men Presten laut i Veg.

Daa han var ferdug paa Støle var det alt i
Kvel-dingi; og det saag ymist ut med Vére. Presten laut
skunde seg. Han sprang i Baaten og rugga seg godt
inn i Pelsen sin; „no maa du ro, Gut!" sagde han;
og Guten skaut fraa Land.

Daa Presten hadde sett seg gaadde han at dette var
ikkje same Guten som hadde rott han inn; denne
rodde mykje betre. Elles kunde han ikkje skilja
And-lite hans no i Myrkre. Han seig av i andre Tankar.
Denne Hallvard Støle, det hadde vori ein underleg
Mann. Hard som Bein og vrang som ei Vidju, men
stundom klokare enn nokon skulde tru. Hm! han
hadde lurt Presten for Offere, betala Tiendi med
Lettkorn, stoli Ved i anna Folks Skog, og gjort mange
slike Fantestykke; men no var han bøygd. No var
der ikkje stort att av Hardleiken. Han var mjuk som
eit Barn. „Trur du eg kjem i Helvite?" hadde han
sagt, „eller trur du det kann vera Raad at eg slepp?
Han Lars Vollen, köss trur du det gjekk med honom?
Meiner du h a n kom i Himilrike?" „Me fær vone
det". — „Ja daa kann vel eg au sleppe inn; for eg
trur ikkje eg hev vori verre enn han var." — „Daa maa
du angre, Hallvard. Gjer du det?" — „Angre, köss
er det?" — „ Trega, syrgje yvi Syndine dine ..." —
„Trega; ja visst tregar eg! Gud hjelpe meg so sant;
ein skulde aldri fara fram soleis. Det kjem attum til
Slutt. Det eg kanskje tregar mest paa, det er at eg
tvinga Kari Haugen til aa vera Kona mi. Ho hadde
aldri ein glad Dag sidan. Det ligg paa meg mest som
eg skulde ha drepi eit Menneskje . . . Herre Gud; ein
tenkjer ikkje langt."

— Det rignde og blés, og Kvelden kom paa; men
Guten rodde i Veg, so Presten kjende seg trygg; han
sat og tenkte. Dette um den Kona som aldri hadde
havt ein glad Dag, det kom han til aa undrast paa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free