- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
153

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SELD TIL DEN VONDE

153

Sogur og lærde henne Visur. Andre Ting lærde ho
lite av; det vart sagt at ho knapt kunde Fadervaar daa
ho stod for Presten. Fager var ho og frisk og staut;
men i Augo hadde ho noko villt som gav Minning um
Mori.

Ho hadde lite Lag med hin Ungdomen daa ho gjekk
for Presten. Dei fleste var rædde henne; og like sæl
var ho. Berre ei av Gjentune brydde ho seg um, og
det var Signe Lid; henne hata ho.

Signe Lid var ven og ljos, blid av Aasyn og mild i
Lag; Gutane lika henne. Millom deim som hadde
Godhug for Signe var Baard Nes. Men det harma
Gunhild. Naar Baard saag blidt til Signe, fekk ho som
Bringeverk. Ho lagde seg etter aa draga Augo hans
Baard til seg; daa Baard skyna dette, lika han det.

Tidi gjekk; og Baard fann ut at Gunhild var gildare
enn Signe. Venare, stautare; meir glad og meir rask;
meir Sving hadde ho paa seg enn denne stille
Lid-Gjenta. So var det au desse forlivande Augo; Baard
vart heit naar ho saag paa han. Attaat alt var ho
rikare og av Storfolk. Men vel ikkje for stor aat ein
Storbonde-Son.

Baard tenkte til sine Tidir mykje paa dette. Men
tala med Gunhild kom han seg ikkje til. Han hugsa
og, at noko Venskap var det ikkje millom Futen og
Nes-Folke.

Daa dei var framslopne vart det sjeldan at Baard
og Gunhild saag kvarandre. Eit danskt Kvende kom
til Futegarden og skulde lære Gunhild upp i finare
Folkeskikk; og Gunhild laut halde seg meir inne.

Men ho brydde seg ikkje mykje um den nye
Upp-fostraren sin. Ho heldt seg i Kjøken og Tenarstogo
so mykje ho kunde; var og stundom ute som fyrr.
Baard gløymde ho ikkje; dei Sundagene det var Messe
var ho til Kyrkja, og fekk daa gjerne sjaa han. Men
var han der ikkje, kom ho i Ulag; no var det vel
Signe som var ute att. I slike Tidir kunde ho vera so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free