- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
154

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

154

SELD TIL DEN VONDE 154

lite hugleg aa hava med aa gjera, at gamle Tenestfolk
sagde ho vart meir og meir lik Mor si. —

— Det var Signe som var ute; i Grunnen tenkte
Baard paa henne mest. Ho var av hans eigne; og det
fylgde liksom meir godt med henne. Gunhild var av
framandt Folk og noko for seg sjølv. Dei Rødune som
gjekk um Mor hennar vilde au liksom fylgje henne; og
dei var ikkje hugsame aa minnast. Baard gav seg i
Lag med Signe og hennar Folk att meir og meir.
Soleis gjekk det eit Aars Tid; og Folk tok til aa tale
um Baard og Signe. Dette Drøse naadde alt upp i
Futegarden.

Gunhild vart so harm at ho grét. Skulde denne
blaute Lid-Gjenta vinne paa henne? Aldri i Verdi.
Baard vilde ho hava; ingin skulde meinke henne i det.
Minst av alt slik ei Bonde-Krøkje! At Baard lika henne
visste ho. Han trudde kje han kunde faa henne;
difor heldt han seg til Signe; men no skulde han faa
andre Tankar; og so skulde det bli annan Dans.

Faa Tak paa Baard var ikkje lett; i dei Lagi han
gjekk kunde ho ikkje no koma. Men sistpaa fann ho
ein Maate likevel. Under ei Bjørk i Skogbryne sat
ho ei Kveldingsstund og tenkte ut dette; og ho lo med
seg sjølv; Leik skulde dette bli; Skoghulder vilde ho
vera!

Soli var aat aa glada; Skuggar lagdest yvi Lid og
Fjord. Djupt inne millom Aasane gjekk ein Lur; elles
var det stilt. Fuglane søkte aat Reiri; Mye dansa i
dei siste Solgeislune. Gunhild reis upp. Ho saag
ut-yvi Dalen med lysande Augo; smilte til tvo Trastar
som kom fljugande; slog med ein Lauvkvist etter Mye;

sette so i og song og gav seg paa Heimveg.

*



Sundagen etter gjekk ho til Kyrkja.

Det var slik ein fin Dag; Baard kom, det var ho
trygg paa. Sjølv var ho tidleg ute. Ho sette seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free