- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
157

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SELD TIL DEN VONDE

157

dei varmaste Gjenteaugo, han ellest visste um var kalde
mot desse. Alt var kaldt og bleikt mot Gunhild, denne
brennande, brune, med dei rundkvelvde Barmar og det
myrke, glansrike Haare; ho var det sælaste ein kunde
drøyme; um henne gjekk det som eit Hav av solheit
Elsk.

Skogen vart tettare ettersom han kom lenger fram;
der var høge Tre og sterk Underskog; Solgeislune spela
ned i alt Lauve liksom Gullregn. Brune Ekorn skvatt
att og fram; ein Trepikkar sat og banka i ein
Furulegg. Det var so stilt og vent; Baard hadde aldri livt
ein Dag Maken til denne.

*



Som han gjekk der i denne Gleda laut han stana;
for etter seg, uppe i Lidi, høyrde han det song. Det
var eit Kvendemaal, friskt, mjukt, liksom vårt, stundom
som skjelvande; ein kunde tenkje det var ei Gjente,
som song burt yvi Dalen til Guten sin, men var rædd
nokon kunde høyre det. Baard vart standande og lyde
til denne Songen som drog han sterkt; det var fager
Song som høvde so godt til Stilla i Skogen og til hans
eigne varme Draumar. Songen syntest draga seg
nærare smaatt um Senn; og snart høyrde han Ord og
fekk Meining.

Det er ikkje godt for den kaute Gut
i Blindo seg burt aa selja;
og vandesamt er det aa finne ut,
kven helst han i Flokken skal velja.

Og Gjenta held ut i Dagar og Aar,
og ventar so smaatt og drøymer;
so øyder ho heile sin Livsens Vaar,
og Gutane burt henne gløymer.

Det vart stilt ei Stund; so tok det i att, men no
berre eit lite Stykke upp i Lidi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free