Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
162
SELD TIL DEN VONDE 162
dugeleg i alt Arbeid og Stell som Gjente kunde vera,
og han i Staden tok denne halvgalne Futedotteri, som
nok var rik, men som inginting hadde Greide
paa av det som turvtest paa ein Gard, so maatte
Guten vera fraa seg.
Snakke naadde sistpaa heilt fram til Nesfolke. No
høvde det seg so, at denne Nes-Ætti var ei gamall
byrg Bonde-Ætt, den eldste og gildaste i Bygdi. Og
Nes-Folke hadde alltid vori fyrst framme og liksom Førarar
i all Strid som der kunde ha vori med leide Prestar
og strenge Futar. Bestefar hans Baard hadde endaa i
sin Ungdom vori med og drivi ein Fut or Bygdi, og
det paa ein slik Maate at det var so vidt Futen berga
Live sitt. Av desse Grunnar stod Nes-Folke som den
sjølvsagde Framsyning av Folkemagti mot
Embætts-mennane; og dei hadde stødt lagt seg etter aa halde
den gamle Bondeskikken uppe og vera dei fyrste millom
Jamlikar. Daa dei fekk høyre um dette med Baard
og Gunhild, so gjorde dei berre Narr av det. Og
gamle Bestefar var i so Maate ein leid Krok; han
kunde spotte so det beit.
Baard var vaapnlaus mot dette. Og det verste var,
at han i Grunnen laut gjeva dei gamle Rett.
Gunhild saag at han vart meir sturin enn fyrr. Men ho
trudde det kom av Bygdesnakke. Ho gjorde alt det
ho kunde til aa faa han glad; men han vart ikkje som
fyrr; og det var ho leid fyri. „Kor kann du no bry
deg so mykje um slikt?" sagde ho; „eg som er
Kvinnfolk bryr meg ikkje det Slag um det!" Det gjorde
ikkje Baard heller, sagde han. Men det som var
Sanningi kunde han ikkje segja.
Um Signe høyrde han at ho gjekk reint sjuk for
hans Skuld. Det gjekk innpaa han, dette; og han
kunde ikkje anna enn tykkje gildt i ei Gjente som
elska han so varmt og trufast, og likevel so stilt og
utan Krav.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>