Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
SELD TIL DEN VONDE
163
I Futegarden visste alle um det som var millom Baard
og Gunhild, so nær som Futen sjølv. Til honom torde
ingin segja det; og faae var det vel og som brydde
seg um. Ein Ting lagde Futen Merke til; og det var
at Gunhild i seinare Tid vart meir stillfarande av seg.
Han gjorde seg sine eigne Tankar um dette; ho
gjekk her so aaleine; det var vel det. Ein Dag utpaa
Vaarkanten gjorde han ei Byferd. Og daa han kom
att, hadde han med seg ein ung fin Kar som han kalla
Herr Jørgen, og som han sagde var Adelsmann.
Kann-hende det vil hjelpe, tenkte Futen.
Og det hjelpte paa ein Maate. Gunhild hadde Moro
av denne Karen; han var so ulik dei andre Gutane
ho var van med aa sjaa; og so tala han so rart.
Det var halvt Tysk; og han kom tidt med Ord som
lyddest reint ravgalne. Gunhild lo ofte aat han; og
det var ikkje fritt ho totte han var ein Tulling. Elles
var han rett vakker, med svart Haar og stort svart
Skjegg; Andlite hadde eit framandt men fint Lag;
og han hadde ein stor krum Nase mest som ein
Hauke-eller Ørne-Nebb. Med Gunhild vilde han alltid hava
Lag; og tilslutt tok Gunhild den Tanken, at han var
komen til Gards Friar. „Kva vil denne Karen her?"
spurde ho Far sin. Den gamle saag paa henne og
glyrde med Augo. „Er det ikkje snaal Gut?" spurde
han. „Det er vel ikkje meg han gjeng etter?" heldt
Gunhild fram og saag kald ut. „Jau," svara Futen
stutt; han saag at ho ikkje lika dette; „og det er
Meiningi han skal faa deg med. Han er ikkje rik, men
han er av Adel . . . naa, eg hev mine eigne Tankar
med det. Legg Merke til dette, so du kann vita aa
stelle deg rett mot han!" Futen gjekk; Gunhild stod der
som klumsa.
Daa Herr Jørgen sidan paa Dagen saag henne att,
vart han reint forfæld og spurde kva som var tids?
Han var ikkje fri han heldt av Gjenta; dessutan var
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>