- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
166

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

166

SELD TIL DEN VONDE 166

og saag paa henne. Den gamle slog Kross for seg;
ho totte det var som ho skulde sjaa sæle Fru Margreta;
so bleik og vill saag Gunhild ut. Gunhild vart endaa
meir upp-øst; ho trappa i Golve so det sokk i den
gamle: „kvar er Herr Jørgen?" „Reist, reist, gode
Jomfru," stota den gamle og snøgga seg aat Døri.
„Reist?" ropa Gunhild og ljosna forunderleg; „men so
er eg fri!" Gamla var alt ute, men tala inn gjenom
Dørglytten: „han ventar seg visst hit att," sagde ho.

Haa—haa; paa den Maaten, tenkte Gunhild. Men
det skal me nappast um! Sinne hadde gjort henne
sterk att. Ho var ikkje van til aa bøygje seg; og
ho vilde ikkje lata seg tvinge. Ho var som den unge
Folen som fyrste Gongen kjenner Selen yvi sin frie
Rygg; ho skok seg rasande til aa koma laus att.
Men som ho gjekk der og tenkte paa aa røme til
Nes, hugsa ho, at dit torde ho ikkje koma. Ikkje
utan ho visste at Baard var heime til aa taka imot
henne. Dei gamle der nede var ho rædd; dei vilde
henne vondt, det visste ho; kom ho dit Røming, so
skikka dei henne heim att. Som ho stana paa den
Tanken, saag ho at den store Trelöka for Glase hennar
vart fyristengd. Ho skreik av Rædsle; sette aat Døri
og vilde ut; men Døri var læst. Daa var det som
ho vilde sige. Innestengd! Ho som alle sine Dagar
hadde vori fri som Fuglen. Innestengd og avstengd
fraa alt det ho vilde og hadde Hug til; fanga som ein
Tjuv; og det nettupp no! Ho totte ho vilde kovne
og seig ned paa Stolen; Hjarta sleit i henne av Uro;
ho kjende seg mest som ho skulde vera livande lagd
i Kiste.

I same Stundi kjende ho ei forunderleg Rørsle . . .

Ho treiv seg til Hovude, vart kvit som eit Lakan,
og strakst etter gøysande raud. Heilt nye Tankar var
det som tok henne no. Ein Smil, halvt skamfull og
halvt sæl, ljosna seg fram yvi dei unge Lippur;
Barmen arbeidde tungt; ho vart heit og sveitt. Herre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free