Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
SELD TIL DEN VONDE
165
aldri hadde kjent seg fyrr. Ho stod og lydde og lydde
etter Far sin der han gjekk, og totte at med honom
gjekk alt som til no hadde vori hennar Liv, og all
hennar Framvon og Framdraum.
#
Men etterkvart skar Suti og Rædsla yvi i eit kokande
Sinne. Kven var det som hadde Skuldi for alt dette?
Herr Jørgen! Adelsmannen! Denne Styvingen som
hadde Nosi større enn Vite og meir Skjegg enn Mod;
denne Stakkaren som ikkje kunde so mykje som bele
sjølv, og som knapt nok kunde tala ... Ho skar Tennar.
Det var Adelsmann, det! Lova aa hjelpe henne,
og so svike; ikkje vera so mykje til Mann at han kunde
halde sitt Ord; slikt vilde ein Husmansgut halde seg
for god til! Kva hadde han her aa gjera? Kvi skulde
han koma drivande her nett no, og koma i Vegen for
det som ho vilde? Dersom han trudde at han skulde
vinne henne paa den Maaten, so mistok han seg, denne
same Herr Jørgen!
Og so den gamle daa. Han hadde aldri brytt seg
um henne, fyrr no daa han kunde selja henne. „Eg
hev mine eigne Tankar med det," sa han. Kva hadde
ho med hans Tankar aa gjera? Ho vilde hava den
ho heldt av; ho vilde hava det godt i Verdi; hans
Tankar kom ikkje henne ved ! Han var bar hennar;
javisst; men ho kunde ikkje bøygje sin Hug for den
Skuld. At ikkje Baard kom! — „Bonde"? han var
ingin „Bonde". Han var meir Adelsmann enn Herr
Jørgen, og likso rik som Niels Pedersøn. Han var
ingin „Bonde". Ho vilde til Baard; ho vilde til han
i denne Kveld. Han skulde taka henne til seg, og
det strakst! So kunde dei sitja her uppe og bite seg i
Fingertuppane cg sjaa etter henne; so var ho der ho
var og hadde ikkje meir med deim.
Eit gamalt Kvende kom inn til henne med
Kveldsmat og Ljos. „Kvar er Herr Jørgen?" spurde Gunhild
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>