- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
168

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

168

SELD TIL DEN VONDE 168

laus, og han fekk vita alt, so tok han imot henne um
han so skulde gaa fraa Gard og Grunn for hennar
Skuld. Den Tanken reiste henne. Ho fekk freiste
paa aa segja Far sin alt. Dermed vilde Herr Jørgen
vera ute or Sogo. Sidan gjekk ho til Nes. Baard
tok imot henne. Men vilde ikkje dei gamle, so fylgde
han henne aat ei onnor Bygd der ingin kjende deim;
og der laut dei slaa seg ned, til dess alt det gamle var
gløymt. Paa den Maaten kunde ho endaa vinne. Det
galdt berre aa taka seg Mod og tala til Far sin. Og
det laut ho kunna; ho laut kunna det . . . berre tenkje
sterkt paa Signe.

Ho sat og arbeidde med desse Tankane til dess ho ikkje
orka meir. Daa den gamle Tenestgjenta kom upp um
Morgonen, sat ho i Stolen sin og sov.

Ho for upp og saag seg fortryllt ikring; visste ikkje
anten ho vakte eller drøymde. So snart ho kom til seg
vart ho raud og snudde seg burt; ingin maatte sjaa
henne no. Det beste var aa faa alt avgjort strakst.
„Bed Far min at han kjem inn," sagde ho. Gjenta
gjekk, men tenkte med seg, at gav Frøkni seg alt no,
so var ho ikkje lik Mor si. Og ikkje lik Far sin
heller.

Gunhild tok til aa skjelve. Ho sette seg innaat
Borde med Hovude mot Hendane til aa halde seg
uppe; ho var so ynkeleg rædd. Ho freista aa eggje
seg upp i Sinne; men Rædsla sette seg for Bringa so
det vart tungt aa ande; og ho totte det stivna um
Munnen paa henne, so ho ikkje lenger hadde Magt
yvi Andlite sitt. Det ho hadde aa fortelja syntest
henne fælare og fælare, etterkvart som ho tenkte seg
inn i at ho no skulde segja det til han Far sjølv. Og
no høyrdest det Stig. Seine, tunge Stig. Det var
Futen. Ho vart ræddare og ræddare di nærare han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0176.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free