- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
169

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SELD TIL DEN VONDE

169

kom; kremta stundom sterkt; det var som Halsen
vilde snøre seg saman. So gjekk Døri upp. Og der
stod Futen.

Han var roleg som vanleg; syntest ikkje undrast
det minste paa at ho alt var komi paa andre Tankar.
„Naa," sagde han; „du hev umraadt deg? Ja ja; eg
visste du var ikkje vrang i Grunnen. Men alltid skal
dei gjera so mange Krokar, desse unge . . . Naa;
godt. So snart du segjer ja, er du fri. Eg hev aldri
vori streng mot deg. Vil du?" Gunhild sat med
Hendane for Andlite og tagde; men Futen saag kor
ho stræva og skalv. „Naa?" kvesste Futen i; „svarar
du ikkje?" Gunhild var so rædd ho fann ikkje Ord.
Aa, at ho skulde koma uti slikt! Aa, den som kunde
sige i Jordi! — „Gunhild!" Gamlen sette i so ho
skvatt; so bøygde ho seg ned og tok til Graaten.

„Sjaa no," murra Futen. „Er det for det du hev
sendt Böd paa meg? Du trur ikkje eg hev sét eit
Kvinnfolk graate fyrr? — Naa; hev du ikkje anna aa
segja meg, so fær me drygje til i Morgo. Min Vilje
veit du." Dermed snudde han seg og tok i Dørklinka.
Daa kom det eit underlegt jamrande Skrik: „Far!"
— det var halvt Skrik og halvt Graat. Futen snudde
seg forbina; han kjende ikkje Mæle. „Er du forgjord?"
spurde han; „kann du ikke faa upp Munnen? Du hev
raadt deg for mykje sjølv i dine Dagar, du; det er
Ulykka; eg skulde bøygt deg fyrr, so hadde det no
gjengi lettare. So; kom no med det. Vil du eller vil
du ikkje?"

So hard som han kunde vera; endaa han saag
kor vondt ho leid! Gunhild kjende Sinne stige i seg;
og det styrkte henne. Med eit svært Tiltak beit ho
Graaten i seg, og Rædsla med; gav seg so yvi i den
Tanken at no fekk det gaa som det kunde; det kunde
ikkje gjelde meir enn Live. „Eg kann ikkje . . . hava
nokon annan enn han som ..." ho saup etter Anden
liksom ein som spring paa Sjøen . . . „han som er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free