Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180
SELD TIL DEN VONDE 184
paa vanleg Kara Vis vilde gjeste si Festemøy. Han
kom ruslande heller kaut, med Luva paa tri Haar og
ei halv Flaske i Luma; for her skulde dei sjaa Guten!
Men so fekk Far aat Gjenta, ein skikkeleg Timbremann,
fat i Fyren; og no vanka det slik Juling og slik ein
Kjeft, at Baard aldri i sine Livedagar hadde vori ute
for Maken. Han fekk vita no kor mykje han var
vyrd av skikkelegt Folk. Alle dei verste Utnamn som
til var fekk han; og det som beit mest var at han vart
kalla ein „Filleprins" og ein „Gateslusk", som laag og
livde paa anna Folks Pung og ikkje dugde til nokon
Verdsens Ting, utan til aa laupe galin og gjera seg til
Narr og Spektakel for heile Byen.
Den Kvelden vart Baard mjuk. Uppdengd og
skamfull smøygde han seg heim, og gløymde baade Gjenta
si og Karsskapen. No vilde han herifraa. Slikt vilde
han ikkje finne seg i. Til Sjøs vilde han; og naar
han var utlærd, so vilde han til Mor si; faa Pengar
av henne og kaupe seg Farty og koma heim att Storkar;
so skulde nok den Skarven av ein Timbremann faa
trega at han hadde lagt seg ut med „Prinsen"! Dagen
etter heldt han seg inne. Og ein Maanad etter for
han av Stad med eit Farty som skulde til Engelland.
Den som var glad var Mor Judit.
Men den som ikkje var glad var „Gjenta hans". Ho
sat heime paa eit Loft og grét og reiv seg i Augo
med Forklæde sitt so ho trutna reint upp. Ho heldt
av Baard so mykje som ei 16 Aars Gatetaus kann
gjera; men no for han; og kor mangt kunde ikkje snu
seg fyrr han kom att! Ho hadde sant og segja lite
Tru paa at ho kunde bie han upp. No kom baade
Per Lauritsson og Jens Nilsson og fridde, det visste
ho; og ho kjende det paa seg, at ho knapt kom til aa
gjera lengi Motstand. Men korkje Per Lauritsson eller
Jens Nilsson var paa lang Leid so fagre eller so staute
som Baard Baardsson; difor grét Gjenta, og grét saart.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>