Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180 SELD TIL DEN VONDE
185
Mor judit hadde ikkje fortalt Baard kvar Mor hans
var, av di ho ikkje visste det. Ho visste ingin Ting
um Gunhild, anna enn det, at ein Kveld seint hadde
ho komi og bedi um Hus — Skipper Erik hadde styrt
henne hit, sagde ho —; og so hadde ho fengi eit lite
Hol uppaa Lofte aa bu i; og der var Baard tilkomin.
Strakst etter hadde ho reist att — med Skipper Erik —,
og hadde gjevi Judit Pengar til aa fostre Guten. Ho
vilde „ut i Verdi", hadde ho sagt; og daa Judit spurde,
um ho ikkje fann det audslegt aa fara slik paa
Langferd ung og aaleine som ho var, so hadde ho sett upp
ein forunderleg Smil og sagt, at h o greidde seg nok;
gamle Erik var ein ærleg Handelsmann. Sidan hadde
Mor Judit korkje høyrt eller spurt til Gunhild.
Men heim til Heimbygdi, til Futen Niels Pedersøn,
kom det einkvar Gongen Fraasegnir som gjorde, at
Gamlen kvitna i Hausen heller fort. Det vart sagt at
Gunhild var komi til Danmark; og der hadde ho teki
seg svært ille upp. Ho skulde ha gjevi seg i Lag med
Komediantar, vart det fortalt, og gjorde Kunstir paa
Teatre saman med desse Folk; og ho gjorde sine
Kunstir godt, ja var ei med dei fremste. Ho vart daa
vel umtykt, serleg, sagdest det, av unge og eldre
Herre-mennar, som brydde seg mindre um Pengar enn um
glade Dagar, og som ikkje hadde Ord for aa vera
heilage. Kor mykje som no var sant av alt dette var
vandt aa vita; men Futen, som kjende Ætti, kunde
nok tenkje seg baade eitt og anna. Daa han nokre faae
Aar etter døydde, vart det sagt og trutt rundt heile
Bygdi, at det var Tanken paa Dotteri som hadde broti
den sterke Mannen ned.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>