Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180
SELD TIL DEN VONDE 190
fram og underlegt . . . men um det lét seg gjera aa
narre . . . den Vonde? Um det var rett; og um det
lét seg gjera? „Det er ikkje for meg sjølv eg spyrr,"
lagde ho til med urolege Faktir; „men kunde eg faa
eit greidt Svar, so vilde det koma meir enn vel med
for baade meg og ein annan."
Presten stirde lengi og hardt paa henne; ho slog
Augo ned og kunde ikkje sitja roleg.
„Um det er rett?" kvesste han sistpaa i. „Tvilar du
paa at det er rett aa narre den Vonde?"
„Alt vaart Arbeid," heldt han fram, „og alt godt
i Verdi gjeng ut paa aa narre den Vonde. Det er det
me kallar godt Verk! Den Vonde hev Rett paa oss
alle; for alle er me gjenom Syndi i hans Magt, ja hans
Eigedom med Sjæl og Likam. Inkje i oss er vaart
eigi; han eig det alt fraa Fødsla av. Gjenom Arvesyndi
eig han oss, fyrr me kann sanse; ja i Moderlive. Og
sidan fær han dess sterkare Tak paa oss gjenom vaare
eigne syndige Ord og Gjerningar. Men alt vaart Liv
gjeng ut paa, so sant me liver retteleg, aa narre han
for denne Eigedomen hans. Alt godt me hev for oss
er meint paa det, um me med Guds Hjelp kann faa
smette oss ut av hans Kløar, rive oss ut av hans
Fangtak. For han er sjølv berre ein ugudeleg Røvar
og ein Ljugar ifraa Upphave. Og so spyrr du um det
er rett?"
„Men um ein hadde gjevi seg til han, — selt
seg . . ."
„Det er det same. Han er i alt sitt Verk ein Røvar
og Ransmann; og den som kjem so langt at han gjev
seg i hans Vald, honom maa han fyrst sjølv hava
forført. So rett er det i alle Tilfelle. Men um det læt
seg gjera? Det kann vera ein annan Ting."
„Men det kann hende?"
„Det er eit stort Spursmaal."
„Um ein annan gav seg i Staden aat den som var
seld?"
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>