Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180 SELD TIL DEN VONDE
191
„Daa maatte det vera ein som var so god og rein
at Djevelen ingin Rett hadde til han."
Gunhild bleikna. Det hadde ho ikkje tenkt paa. Ho
vart so fortryllt at ho sagde ikkje meir; ho flaug upp
og gjekk. Presten stod og saag etter henne, riste paa
Hovude og tenkte med seg: i henne bur det mange
Aandir.
Daa Gunhild same Dagen kom inn til Mor Judit,
bleikare og meir modlaus enn nokosinn, fann ho ein
Framandkar der, ein Sjømann som det saag ut til var
huskjend. Ho skvatt med same, men tok seg strakst;
for dette kunde ikkje vera Baard. Han var for stygg
til det, meinte ho, og minst 40 Aar gamall. Nei; det
var ikkje Baard. Det var Hans Mikkelsen, Mannen
hennar Ingrid. Men han hadde fari med same Skuta
som Baard, og kunde helse fraa han. Helse fraa han —!
No kom det Liv i Gunhild. Ende inn paa Hans
Mikkelsen ; han rømde, men ho etter, spurde, bad, spurde
og bad, med Ord, med Augo, med sine trivlande
Hender: kvar var han? naar kom han? hadde han
det godt? kvi var han ikkje med strakst? var han
sjuk? hadde det hendt noko? var det komi noko aat
han? hadde han forset seg? var han i Naud? . . .
Hans Mikkelsen trudde Frua ikkje var vitug.
„Maa eg faa Stundir til aa snakke," sagde han, „so
skal eg fortelja Dykk det." Gunhild fann at Mannen
hadde Rett og freista aa tvinge seg. „Men ein Ting
maa du segja meg strakst: kvar er han? og kjem han
snart? og kvifor fylgde han ikkje —?" No lo Hans
Mikkelsen. „Det er best De gjev Dykk Tid og læt
meg fortelja det som det kjem til," sagde han. „Ja
men fort, fort!" bad Gunhild. Ho stod som paa Glødar.
Naa ja; Baard var ikkje so langt av Leid han heller.
Han hadde lagt seg etter i Grannebyen; og det kom
seg av, at den Skjelmen — haa, haa! ja det var ein
forsvorin Kropp, reint ein Villstyring ; den verste Uburen
som kunde spyle eit Dekk! — ja; noksagt; men han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>